skilleVæret i Finnmark enkelskilleSendingeneskillewww.euroarctic.comskille_slutt
Troms og Finnmark 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Troms og Finnmark > Finnmark Sist oppdatert 14:31
 

Kan sleppe norsk straff

Den russiske trålaren
Den russiske trålaren "Elektron". Foto: Scanpix
Kapteinen på "Elektron" kan unngå straff i Norge, dersom han blir dømd i Russland.

Publisert 01.11.2005 15:45. Oppdatert 02.11.2005 06:55.
Av Jenny Duesund og Inger Johanne Sæterbakk

- Det er mogleg for kapteinen å unngå straff i Norge, dersom han får dom for dei samme forholda i Russland, seier Ole Kristian Fauchald, førsteamanuensis ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo. Norsk rett tillèt ikkje at kapteinen blir tiltala for eit forhold han tidlegare er dømd for etter russisk rett.

Politimeister Truls Fyhn. Foto: NRK

Norsk politi overraska

- Vi legg inga vekt på det russarane måtte gjere i denne saka, seier politimeister i Troms politidistrikt, Truls Fyhn. Han leier den norske etterforskinga. Fyhn er overraska over at kaptein Valerij Jarantsev i dag vart sikta for ulovleg fiske og fridomsrøving. Norsk politi held fram med si etterforsking av saka.
- Vi tar utgangspunkt i at lovbrotet skjedde i vernesona til Svalbard, som er eit område under norsk domsmakt, seier Fyhn.

Etterforsking som planlagt

Dersom russisk domstol ikkje finn kapteinen skuldig i lovbrotet, kan saka bli tatt opp i det norske rettssystemet. Men norsk politi etterforskar saka uavhengig av dette, og legg problematikken om dobbel straff til sides.
- Viss denne saka endar med ein dom i Russland, skal vi vurdere problemet når den tid kjem. No held vi fram i det sporet vi har lagt opp, seier politimeister Truls Fyhn.
Troms politidistrikt ventar no på løyve til å etterforske "Elektron" i Russland.

Bakgrunn: Russisk tråler rømmer fra Kystvakta (17.10.2005)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM ELEKTRON
Bakgrunn: Russisk tråler rømmer fra Kystvakta (17.10.2005)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM ELEKTRON

Toppsakene fra NRK Troms og Finnmark
 
SISTE SAKER
Flere saker
NYHETSBREV PÅ E-POST

Få de viktigste nyhetene fra Troms og/eller Finnmark tilsendt på e-post – helt gratis!
Nyhetsbrev fra Nordnytt!

 
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no