skilleVæret i Finnmark enkelskilleSendingeneskillewww.euroarctic.comskille_slutt
Troms og Finnmark 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Troms og Finnmark > Finnmark Sist oppdatert 14:31
 

Sovjet kom med direkte trusler

Sovjetiske myndigheter kom med direkte trusler mot Norge i 1967, viser rapport.

Publisert 22.07.2003 08:00. Oppdatert 22.07.2003 08:02.
Av Halvard Mikal Sæbø

– Den tidlegare sovjetiske forsvarsministeren kom med direkte trusler mot Norge i 1967, under eit møte med den norske forsvarsministeren, seier pensjonert offiser Arild Hjerde, som har vore med å skriva ein rapport om ein sovjetisk styrkedemonstrasjon mot Noreg på slutten av seksti-talet.

Kom med trussel

Den tidlegare, norske forsvarsministeren Otto Grieg Tiedemand blei invitert til Moskva i august 1967, og blei møtt av ein stor, sovjetisk delegasjon.

I følgje den nye rapporten frå Institutt for Forsvarsstudier uttrykte den sovjetiske forsvarsministeren Andrej Gretsjko noko som likna ein trussel.
Med henvisning til NATO sine militærøvingar i Nord-Noreg, skal han ha sagt:

"De tar ein stor risiko der. Dersom det skulle koma til ein framprovosert situasjon, veit ein ikkje kva konsekvensar det vil få."

Den norske forsvarsministeren blei etterpå transportert til eit område der det blei demonstrert bruk av taktiske atomvåpen. Her skal det ha blitt sagt at slike våpen ville bli brukt mot alle land om nødvendig.

– I juni 1968 stod eit stort antal sovjetiske soldatar og militære kjøretøy langs den norske grensa. Med den styrkedemonstrasjonen var forholdet mellom Sovjetunionen og Noreg på det mest anspente, seier Arild Hjerde i Institutt for Forsvarsstudier.

Siste saker:

Toppsakene fra NRK Troms og Finnmark
 
SISTE SAKER
Flere saker
NYHETSBREV PÅ E-POST

Få de viktigste nyhetene fra Troms og/eller Finnmark tilsendt på e-post – helt gratis!
Nyhetsbrev fra Nordnytt!

 
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no