I 1698 vart det rigga opp ein saltkjele på Breisnes ved Aurlandsfjorden.
I Aurland kan ein sjå ein freistnad på organisering av brannassuranse alt i 1844.
Vangen er tettstaden kring den gamle mellomalderkyrkja i Aurland. Her utvikla det seg frå 1850 eit tyngdepunkt i bygda, med handel, hotell, bank, dampskipskai og kommuneadminstrasjon.
vart skipa i 1848 som ein av dei første i fylket.
Bergensaren Knut M. Rosendahl starta i 1849 handel i "Juell-huset" på Vangen.
Spekepølser frå Aurland og Undredal var i mange år eit viktig salsprodukt ved sida av
Aurlandsskoen.
|
SIld. (Foto: NRK) |
Fangst av fjordsild gav både mat og inntekter i gamle dagar. Ved Fretheims-garden i Flåm vert det hevda at det har vore ein lokal sildestamme.
Tobakksdyrking vart det drive både i Aurland og Undredal frå 1882. Pionéren var
Øistein Underdal , som tok idèen med heim frå Amerika.
Gudvangen i botnen av Nærøyfjorden spela spela den same rollen kring 1900 som Flåm har gjort seinare som det største turistsenteret i Aurland.
Gudvangen vart eit naturleg kvilepunkt for både postførarar og reisande, og her vart det første gjestgiveriet opna i 1805 av Jens Knutsen Kappadal.
|
Aurlandssko. |
Lokal skotype som har vorte framstilt i Aurland i generasjonar. Dei første skoa for sal vart produserte rundt 1880 av Vebjørn Sjursen Vangen og Andreas Vangen.
T. Torsteinsen Bakeri
vart stara kring 1885 på Vangen av Tønnes Torsteinsen Skrettingsland. Bakeriet vart drive til kring 1930, då det vart "avløyst" som lokalbakeri for dei som handla på Vangen av eit bakeri i Vangen Hotell, der det også var vanleg brødutsal.
Bessefjellet ligg ved Aurlandsfjorden, rett over fjorden frå Undredal. Her sikra Kristiana Spigerverk med ingeniør Haakon Christensen seg retten til uttak av den kvite steinen labradoritt i 1917.
Lars Nedberge
starta saftfabrikk i Undredal i 1919. Den vart seinare overteken av
Endre Ø. Underdal. Bygningen vart riven i 1980.
vart skipa i Aurland i 1928 med Vangen soknekommune som største aksjeeigar.
Hermund Larsen
(1876–1956) frå Vik dreiv eit bakeri på Aurlandsvangen i mellomkrigstida. Han var også skysskar med hest og båt.
Aurland kommunale rutebilar
skipa 1933 – sjå
L/L Vangens Rutebilar.
I 1936 bygde Norges Kjøtt- og Fleskesentral eit slaktehus i Flåm.
Brødrene Sønnerheim
Snekkarverkstad grunnlagt i 1950 av Knut og Kåre Sønnerheim. Produserer trapper, vindauge og kjøkkeninnreiingar.
Aurland Kjøle og fruktlager
vart bygd 1954.
Gudvangen Stein
driv bergverksdrift på anortositt i Nærøydalen (sjå nedanfor).
Anortosittforekomstane i Nærøydalen har heilt sidan 1960-talet vore planlagt utnytta i stor skala, m.a. som grunnlag for aluminiumsoksyd.
|
Pascale Baudonnel lagar geitost i Undredal. (Foto: NRK) |
Arctic Design
i Gudvangen vart starta i 1983 av Odd Aadnekvam. Fabrikken produserer kjøkken, garderobe- og baderomsmøblar og har kring åtte tilsette.
Aurland Energibygg
entreprenør og prefabrikerte bygningselement.
Gardane i Undredal har satsa mykje på moderne geitedrift og er landskjende for den kvite geitosten.
I 1991 sette Kjellaug og Botolv Hov med gardsturisme og har og opna eit gardsmuseum.
|
Aurland Energibygg |
Aurland Energibygg AS
vart skipa i 1995. Selskapet har betongblanderi i Aurland og Lærdal og produserer prefabrikerte bygningselement.
Aurland Energiverk AS
- sjå
Aurland kommunale Kraftlag.
Flåm Utvikling AS
Skipa i 1997 av Aurland kommune, Aurland Sparebank og SIVA for å leige og drive
Flåmsbana, eit av Noregs mest populære turistmål.
Selskapet driv også turisthamna og postfilialen i Flåm, og samarbeider tett med om marknadsføring.
vart skipa i 1999 og er eit konsulentselskap innan naturforvaltning.
Luna Mineral AS
Aurland kommune, to grunneigarar frå Gudvangen og ein frå Voss skipa i 2001 selskapet Luna Mineral AS for å få kontroll over ei eventuell framtidig stordrift av mineral i Nærøydalen - sjå:
Anortositten i Nærøydalen.
Mat og behag Sogn AS
vart skipa i Aurland i 2005 av kokken Noralf Langeteig og lokale matprodusentar. Firmaet held til på Sogn jord- og hagebruksskule og skal utvikle matvarer av lokale produkt og lokale oppskrifter.
Haugen Gardsmat AS
vart skipa i Flåm i 2006 av Odd Lothe Ohnstad med fleire. Verksemda produserer m.a. spekemat av reinsdyr og sel varene sine gjennom ei kjede for gardsmatprodusentar.
Sognefjorden Laft AS
i Vassbygdi vart skipa i 2006 med Pro Tech Machines, Robert Brenden og Arne Giertsen som dei største eigarane. Med spesialutvikla maskiner for tørking og dreiing produserer verksemda søylar, takstolar og laftehytter.