|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Kjende personar i Aurland kommune: Per SivlePer Sivle, (1857-1904). Diktar og pressemann. Fødd i Flåm, der det er reist minnestøtte med relieff på morsgarden. Mora døydde då han var to år, og Per voks opp på Vossestrand, der faren kom frå. Publisert 27.02.2001 14:03. Oppdatert 22.03.2005 14:26.I kulturhuset på Aurlandsvangen er eignelutar etter diktaren samla i eit ”Sivle-rom”.
Debuterte i 1878 med ”En Digters Drøm”. Redigerte Buskeruds Amtstidende 1883-85, og Kristianiaposten 1887-91. Hadde nær kontakt med Johan Sverdrup i den nasjonale kampen, og skreiv ei mengd dikt med sterk nasjonal og sosial appell: ”Noreg” 1894, ”Skaldemaal” 1896, ”Olavskvæde” 1901. gav ut forteljingar med saftig humor: ”Sogor” 1887, ”Vossa-Stubba” 1887, ”Nye Vossa-stubbar” 1894 og ”Sivle-Stubbar” 1895.
Dikt og skrifter etter Sivle er elles samla og gjeve ut etter Sivles død. Sivle søkte Stortinget om diktarløn, men fekk avslag, noko han tok seg svært nær av.
Frå tidleg ungdom lei Sivle av sterk migrene og depresjon, og vart etterkvart sterkt alkoholisert. I 1904 tok Sivle sitt eige liv.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|