Mons Klingenberg Gjerløv
(1850-1936) frå Aurland, busett i Oslo og Skien. Redaktør og forfattar. Arbeidde som journalist og redaktør i Oslo, og frå 1884 redaktør for avisa «Fremskridt» i Skien. Har gjeve ut romanane «I Forbigaaende» (1880), «Ilgods» (1883), «Fra Skridt til Gallop» (1890) og «Reisegods» (1896).
Torleif Torsteinson Fretheim
(1851-1894) frå Flåm, busett m.a. i Fjell i Hordaland. Cand. theol. og politikar (Moderate). Var vararepresentant på Stortinget for Søndre Bergenhus amt (Hordaland) 1892-1894. Son til
Torstein Guttormsen Fretheim.
(1851-1923. Industrimann og «fossespekulant» frå Oslo.
(1852-1928) frå Kristiansund, busett m.a. i Stryn og Aurland. Prest og skulestyrar.
(1853-1924) frå Bergen. Ingeniør og norsk telefonpionér som i 1892 fekk bygd telefonlina Voss-Gudvangen, og lanserte elektrisk jernbane Voss-Stalheim i 1895.
(1854-1924) frå Flåm. Lege og hotelleigar.
Lars Vikesland
(1855-1927) frå Aurland. Lærar. Han vart kjend som ein uvanleg god reknemeister, og ein mann med «klisterhjerne». Sjølv ikkje matematikkprofessorar kunne setje han fast med kompliserte reknestykke. Virkesland kunne sitere store deler av Bibelen ordrett på engelsk, og lærte seg m.a. lappisk språk.
(1856-1943) frå Undredal. Bonde, tobakksdyrkar og politikar.
(1857-1904). Diktar og pressemann.
Olav Sævartveit
(1863-1945). Frå Hardanger, busett i Flåm. Lærar og politikar. Ordførar i Aurland 1908-1925. Vart i 1923 vald som den første folkevalde som tok over møteleiinga i fylkestinget i Sogn og Fjordane. Fram til då hadde fylkesmannen styrt møta.
(1866-1929) i Asker, busett i Skien og seinare Arendal og Oslo. Fossekjøpar og industrimann som spela ei av dei sentrale rollene i Noreg i dei første åra då fossekrafta vart utnytta til bygging av ny industri.
(f. 1871) frå Bergen. Jernbaneingeniør og anleggsleiar på Flåmsbana.
Georg Tobias Flom
(1871-1959) stamma frå Flåm, busett i USA. Professor i norrøn filologi. Faren emigrerte i 1844. Flom studerte gamalnorsk og norske målføre, og skreiv m.a. fleire avhandlingar om Aurlands-målet i «Scandinavian Studies».
(1872–1943) frå Førde. Jurist og offiser. Fylkesmann og Høgre-politikar.
(1874-1954) frå Solund, busett i Aurland. Skofabrikant og den første som starta fabrikasjon av den vidgjetne Aurlandsskoen.
(1875-1925) frå Stavanger, busett på Hermansverk.
Bottolf Monsson Thunshelle
(f. 1883) frå Aurland. Småbrukar og Arbeidarpartipolitikar. Styremedlem i Sogn og Fjordane Arbeidarparti 1927–1938 og i representantskapet i Norsk Arbeidsmannsforbund frå 1945. Vararepr. på Stortinget 1934-1945.
(1884-1974) frå Aurland. Bonde, skulestyrar og Bondeparti-politikar.
(1890-1969) frå Undredal. Bonde og politikar.
Caroline Juul Jørstad
(1892-1962) frå Aurland, busett i Oslo. Lærar og lyrikar. Gav ut «Vilje de lya», dikt (1935) og «Trili Tare», barnevers (1939).
(1899–1945) frå Aurland. Matros.
Ivar Sævartveit
frå Flåm. Ordførar. Ihuga forkjempar for Flåmsbana - sjå
Ingolf Christensen.
(1911-2007). Lektor og lokalhistorikar. Har m.a. skrive bygdebøker og andre publikasjonar med lokalhistorisk stoff om Aurland.
(1912–1944) frå Aurland. Matros.
(1917-1965) frå Aurland. Bonde, overrettssakførar og Venstre-politikar.
(1918–1943) frå Aurland. Matros og krigsseglar.
f. 1922 i Fresvik, busett på Styvi i Nærøyfjorden. Industrigründer og politikar.
(1926–2000) frå Fresvik, busett i Bergen og i Dyrdal. Doktor med. og professor.
f. 1929, frå Aurland. Veverske.
|
Måleri av Johannes Vinjum. |
(1930-1991). Kunstmålar og grafikar.
f. 1932 i Aurland, busett i Sogndal. Folkemusikar.
f. 1936 i Aurland. Lege og politikar.
f. 1943 i Aurland. Arkeologiprofessor.
f. 1956 i Aurland. Biletkunstnar.
Kai Martin Brekke
f. 1958 i Flåm, busett i Sogndal. Journalist og forfattar. Debuterte som forfattar i 2006 med kriminalromanen ”Nattergal” (Skald forlag). Handlinga tek utgangspunkt i eit mord på Flåmsbana.
f. 1962 i Aurland. Musikkprodusent, busett i Bergen.
Jon Roti
f. 1970 i Aurland. Busett på Voss. Konkurranseskyttar på landsnivå i fleire år. Skyttarprins 1995.
f. 1972 i Flåm, busett i Bergen. Journalist og humorist.