|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Statkraft eig kraftverka kring HøyangerEtter konsesjonsvilkåra og den såkalla ”heimfallsordninga” skulle dei store kraftanlegga kring Høyanger som forsyner aluminiumsverket med straum, overtakast vederlagsfritt av Staten etter 60 år. Publisert 03.10.2007 10:14. Oppdatert 03.10.2007 10:16.
I praksis vil det seie at Statkraft skulle overta kraftstasjonane etter kvart som dei vart gamle nok til det. Dei første heimfalla skulle etter 60-årsregelen skje på 1980-talet. Men Staten gjorde ikkje kravet på heimfall gjeldande, og Hydro fekk difor sitje med eigedomane inntil vidare.
Vanskeleg og uryddigSidan utbygginga av fossekrafta kring Høyanger-verket hadde skjedd i mange vassdrag og til ulike tider, såg alle at det kunne verte vanskeleg og uryddig for både Hydro og Staten om kraftverka litt om litt vart overlatne til Statkraft, medan resten vart verande att i Hydro si eige.
Nye forhandlingar i 2011Difor gjorde Statkraft og Hydro på 1990-talet avtale om at Statkraft skulle overta alle kraftverka og reguleringsrettar som Hydro sat på i Høyanger frå 1. januar 1998, mot at Hydro Aluminium fekk garantiar for sikker straumleveranse til gunstige prisar til Høyanger Metallverk fram til 2011. Då skal det forhandlast på nytt om kraftprisar og andre leveransedetaljar mellom Statkraft og Hydro.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|