SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Førde:

Posten i Førde

Postbygget i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen
Postbygget i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen

Publisert 10.05.2007 14:17. Oppdatert 10.05.2007 14:44.

Posten i Førde sentrum

Den første postruta gjennom Førde vart starta kring 1650, og gjekk då utanom noverande Førde sentrum: Frå sør kom den gjennom Brendeskaret frå Gaular, og gjekk ned Sundsdalen til Movatnet. Den trondhjemske Postvei vart opna for postruta Bergen-Trondheim i 1785, og frå 1787 er Hafstad i Førde omtala som poststad. Der var bonde Ivar Helgeson Hafstad den første postopnaren. Postopneriet vart på 1850-talet flytta frå ”Iva-tunet” på Hafstad til Løkjene som ligg noko nærmare sentrum og Langebrua.
I 1808 vert det lokale postkontoret nemnt som Havstad, frå 1812 til 1816 er stavinga Haffstad. Frå 1833 til 1847 står det på nytt Havstad på poststempelet, og sidan 1848 har det heitt Førde. Førde vart oppgradert til postkontor og fekk status postsenter i 1998.
I 1922 vart det bygd eit toetasjes posthus like ved Langebrua i Førde. Dette vart avløyst av noverande posthus i 1970. I dette bygget fekk også sorenskrivaren i Sunnfjord og fylket sitt samferdslekontor plass. I 1986 flytta sorenskrivarkontoret over i Hjelmelandsgården på sørsida. Postbygget vart i 2003 kjøpt av Bjørn Solheim m.fl.
På dampskipskaia på Steinen vart det skipa brevhus i 1898. Brevhuset på Steinen vart lagt ned i 1954 og innordna under Førde postkontor. Sentralsjukehuset i Førde fekk eige postkontor i 1979 då sjukehuset opna. På Handelshuset vart det starta postfilial då forretningsbygget opna i 1987. Filialen vart lagd ned i 1989.

Ervik

fekk postopneri i 1885 med Jørgen Martines Olsen Ervik som første styrar. I 1901 overtok dampskipsekspeditør Alfred Torvik som postopnar, og Torvik-familien hadde denne tenesta fram til kontoret vart lagd ned i 1986. Frå starten og fram til 1889 stod det Ervig på poststempelet, frå 1889 Ervik, frå 1891 Ærvik, og så tilbake til Ervik som postadresse frå 1926.

Holsen

fekk postopneri i 1892 med gardbrukar Gjert M. Holsen som første styrar. Dei første åra gjekk det postbod mellom Førde postkontor og Holsen berre ein gong i veka. I 1973 vart Holsen underpostkontor, i 1977 fekk det status som postkontor C, og det vart lagt ned og innordna under Førde i 1996.
Landpostbod Nikolai Holsen, Arne G. Holsen, postopnar Anders G. Holsen og landpostbod Johs. J. Frøysland ved Holsen postkontor på 1950-talet. Foto frå Sogeblad frå Førde.

Haukedalen

fekk postopneri i 1921 med Aleksander Gjerland som første styrar. Det vart underpostkontor i 1973, postkontor C i 1977 og lagt ned i 1996.

Rørvikfloten

ved Haukedalsvatnet fekk brevhus II i 1951. Brevhuset vart lagt ned i 1983.

Stakaldefossen

fekk eige brevhus i 1953. Det vart lagt ned i 1966.

Viskedal Camping

ved Holsavatnet fekk såkalla brevhus II i 1968. Det vart lagt ned i 1983 og innordna under Holsen.

MEIR OM FØRDE 
Førde kommune

 
Aviser og media i Førde
Historia i Førde
Industri og næring i Førde
Kjende personar i Førde
Krigshistoria i Førde
Kyrkjer i Førde
Samferdsle i Førde
Skular i Førde
Verd å sjå i Førde

 
Video frå Førde
Lyd frå Førde

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no