|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samferdsle i Førde: Hovudvegen Førde-Vadheim | Vegen mellom Førde og Vadheim er gradvis utbetra over mange år. Biletet viser ei omdiskutert fjellskjering ved Langelandsvatnet. Foto: Ottar Starheim. |
Det var eit ”kupp” frå sjefen for Vestre yttre Sognske Compagnie, kaptein Hans Henrik Hornemann Holck, som førde til at Den trondhjemske Postvei i 1785 vart bygd frå Leirvik til Dale, og ikkje over Vadheim, slik det var best skapt frå naturen si side. Publisert 09.05.2007 08:45. Oppdatert 23.05.2007 14:28.Opphaveleg var det nemleg tanken at postruta skulle bli ført over Sognefjorden frå Rutledal til Nesse på nordsida. Derifrå skulle posten gå til Leirvik, opp Lavikdalen og ned til Torvund lengre inne ved Sognefjorden, og så derifrå til Vadheim og så nordover til Førde nokolunde etter den lina som europavegen fylgjer i dag.
Men det synte seg snart at denne ”Holck”-ruta om Dale både vart tungvinn og lengre enn om postvegen hadde gått via Vadheim. Difor vart det bygd ny hovudveg frå Vadheim og nordover til Førde i 1837. Men det skulle vare heilt til 1867 før Stortinget vedtok å leggje ned Den trondhjemske Postvei over Leirvik–Dale-Sveen som hovudveg.
Vegen mellom Vadheim og Førde vart utvida til fire meters køyrebreidde i åra mellom 1890 og 1910, og vegen Førde-Sande vart gradvis utbetra til dagens standard frå 1970-talet og til kring 1995.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|