|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samferdsle i Flora: Furesundet fekk første rutestoppDen første regulære rutefarten langs kysten starta då Staten sette opp ei postførande dampskipsrute mellom Bergen og Trondheim i 1843. Ruta vart trafikkert av hjuldampskipet ”Nordcap”. Publisert 16.04.2007 12:01. Skipet ankra opp i Furesundet og leverte og tok imot post frå bordingsbåt. Frå Furesundet vart det sett opp ei såkalla bipostrute innover til Førde, der både fut og sorenskrivar hadde embetsgardane sine.
Postruteskipet D/S ”Nordcap””Nordcap” var opphaveleg bygd som Noregs første motordrivne krigsskip i 1840. Då vart skipet utstyrt med kanonar, og hadde også segl. Men det viste seg at dei store skovlhjula skapte problem for kanonstillingane på breisida, og ristinga som hjula førde med seg, gjorde det vanskeleg å treffe målet når ein fyrte av. Men ”Nordcap” eigna seg derimot framifrå som postskip på vestlandskysten. (Skipet vart selt til private i 1872 og gjekk i rutefart Kristiansand-Bergen- Trondheim, og seinare mellom Kiel og Trondheim. ”Nordcap” sokk i 1877.)
- Les meir om postrutene under kapitlet Posten i Flora, og om fylkesbaatrutene til Furesundet seinare i: Ferdsla på sjøen.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|