SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Flora:

Telegraf og telefon i Flora

Fiskeritelegrafen varsla sild

Det rike sildefisket på 1800-talet samla i vintersesongen titusenvis av fiskarar i fiskeværa i Kinn og Bremanger. I 1861 vart det difor bygd ein såkalla "fiskeritelegraf" mellom Florø og fiskeværa kringom på øyane.

Publisert 11.04.2007 13:25.

Telegraf til omverda

Men fram midten av 1860-åra var "fiskeritelegrafen" i ytre Sunnfjord berre eit internt meldingssystem: For å knyte den lokale telegrafen til landsnettet, vart det i 1866 bygd telegrafline frå Postvåg ved Fensfjorden i Gulen til Rutledal ved Sognefjorden. Derifrå vart det lagt sjøkabel over Sognefjorden til Leirvik. Frå Leirvik fylgde telegraflina den same lina som Den trondhjemske Postvei (sjå Den trondhjemske Postvei i Fjaler ) til Førde. Dermed hadde dei inste sunnfjordbygdene fått telegrafsamband mot Bergen. Tanken var å byggje telegraflina vidare nordover til Ålesund, men den stogga i Førde. Frå Førde vart det strekt telegrafline til Florø, slik at fiskeritelegrafen mellom Florø og fiskeværa omkring fekk samband til landsnettet gjennom denne. I 1869 vart det så bygd telegrafline sørover frå Ålesund til Måløy og Kalvåg slik at desse fiskehamnene vart knytte til landsnettet.

Lokaltelefon i 1904 i Florø

Telegrafstasjonen i Florø vart flytta til rådhuset i Strandgata då dette stod ferdig i 1903. I 1904 fekk Florø by eit lokalt telefonnett, bygd av Staten ved Telegrafvæsenet, og byen vart knytt til rikstelefonnettet i 1905. I 1950 flytta telestasjonen inn i nybygget til Sunnfjord Meieri saman med Florø Radio.
Telefonen i Florø vart automatisert på 1950-talet. Dermed kunne folket i kystbyen byte ut dei gamle telefonapparata med sveiv med moderne apparat med nummerskiver. I 1973 vart stasjonen i Florø knytt til fjernvalnettet. Same året bygde Televerket eige hus i Florø sentrum der også Florø Radio flytta inn i 1980.

Batalden

vart kopla til den lokale fiskeritelegrafen frå 1861 saman med med fiskeværet på Fanøy. Batalden fekk rikstelefon på heilårsbasis i 1920. Stasjonen vart stengd i 1944. I 1958 vart det bygd ut linenett til ein stor del av folket på øyane vest for Florø slik at dei ikkje lengre var avhengige av å gå på stasjonen for å telefonere. Om lag 10 år seinare vart telefonen på øyane automatisert slik at dei vart kopla opp mot stasjonen i Florø, og det lokale telefonnettet som no sorterte under stasjonen i Florø, vart kopla til fjernvalnettet i 1973–1975.

Kinn

vart knytt til fiskeritelegrafen i 1861. Kinn fekk rikstelefon i 1901. Telefonen på Kinn var ferdig automatisert i 1975. Ein telefonstasjon i Ura skal ha vorte automatisert alt i 1973.

Rognaldsvåg

på øya Reksta vart knytt til fiskeritelegrafen i 1861. Reksta/Rognaldsvåg fekk rikstelefon i 1901. Telefonen var ferdig automatisert i 1975. - Les elles om flyradiostasjonen i Rogndalsvåg under Florø Radio.

Skorpa

fekk fiskeritelegraf i 1863. På Skorpa hadde stavangerfirmaet Ploug & Sundt, som dreiv sildebuer der, garantert for drifta. Firmaet gjekk frå garantien i 1871 då silda svikta, og stasjonen vart lagd ned.

Tansøy

fekk fiskeritelegraf i 1869. Telefonstasjonen på øya vart automatisert i 1973.

Eikefjord

fekk rikstelefon i 1905. Stasjonen vart automatisert i 1973. Det vantar opplysningar om telefonstasjonar som skal ha vore på Svarthumle og Løkkebø og når desse kom i drift, men ein peikepinn kan vere å sjå når nærliggjande telefonstasjonar vart opna.

Litlehøydal

ved Høydalsfjorden fekk rikstelefon i 1917. Stasjonen vart lagd ned og abonnentane overførde til Stavang i 1957.

Svanøybukt

på Svanøy fekk rikstelefon i 1918. Stasjonen vart automatisert i 1974.

Hovdevåg

fekk rikstelefon i 1918. Stasjonen vart automatisert i 1969.

Norddalsfjorden

fekk rikstelefonstasjon i 1918. Stasjonen vart automatisert i 1973.

Midtbø

fekk rikstelefonstasjon i 1918. Stasjonen vart automatisert i 1973.

Osen

inst i Høydalsfjorden fekk rikstelefon i 1919. Stasjonen vart lagd ned og abonnentane overførde til Eikefjord i 1960.

Holmesund

fekk rikstelefon i 1919. Stasjonen vart lagd ned og abonnentane flytta over til Høydalsfjord i 1964.

Straumsnes

i Norddalsfjorden fekk rikstelefon i 1919.

Valvikhamn

på øya Askrova fekk ein såkalla talestasjon for rikstelefon i 1938.

Hammarset

på Askrova fekk rikstelefon i 1938.

Svardal

fekk rikstelefon i 1938. Stasjonen vart lagd ned i 1960 og abonnentane flytta over til Eikefjord.

Steindalen

fekk rikstelefonsamband i 1938. Stasjonen vart lagd ned og abonnentane flytta over til Eikefjord i 1960.

Bjørnset

telefonstasjon vart automatisert i 1973. Det vantar opplysningar om når denne stasjonen kom i drift, men ein peikepinn er å sjå på når nærliggjande telefonstasjonar vart starta.

Brandsøy

telefonstasjon vart automatisert i 1973. Det vantar opplysningar om når denne stasjonen kom i drift, men ein peikepinn er å sjå på når nærliggjande telefonstasjonar vart starta.

Svortevik

Svortevikholmen fekk rikstelefon i 1914. Svortevik stasjon vart automatisert i 1973. Det vantar opplysningar om ein telefonstasjon som skal ha vore på Kvellestad like aust for Svortevik.

Stavang

telefonstasjon vart automatisert i 1975. Det vantar opplysningar om når denne stasjonen kom i drift, men ein peikepinn er å sjå på når nærliggjande telefonstasjonar vart opna: Vevring og Svortevik fekk telefon i 1914, Litlehøydal i 1917, Svanøy i 1918.

MEIR OM FLORA 
Flora kommune

 
Aviser og media i Flora
Historia i Flora
Industri og næring i Flora
Kjende personar i Flora
Kommunehistoria i Flora
Krigshistoria i Flora
Kyrkjer i Flora
Samferdsle i Flora
Skular i Flora
Verd å sjå i Flora

 
Lyd frå Flora
Video frå Flora
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no