SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Gloppen:

Forretningsfamilien Henden

Olav K. Henden våpen- og sportsforretning på Sandane vart grunnlagt i 1920 av Olav K. Henden.

Publisert 20.03.2007 14:54. Oppdatert 20.03.2007 15:03.
O.K. Henden var mellom dei første som starta sal av bilar i Sogn og Fjordane då han vart agent for Ford i 1926. Henden hadde også bensinstasjon og bilverkstad, og dreiv i tillegg som drosjesjåfør og sjåførlærar.

Volvo-forhandlar

Frå 1945 vart han importør og forhandlar av Volvo, etter å ha sagt opp Ford-agenturet.
Bror til Olav K. Henden, Rolv Henden, var direktør i Firda Billag. Han spela ei sentral rolle då det vart starta bussfabrikk på Sandane i åra etter 2. verdskrig. Firda Billag var stor kunde hjå Sandane Karosserifabrikk. Men då rutebilselskapa i Sogn og Fjordane på 1960-talet freista å samarbeide om å få bygd ein felles bussfabrikk, tapte Rolv Henden kampen for å få fabrikken til Sandane. I staden vart Vest Karosseri lagd til Stryn i 1965.

Deling av forretninga

Sønene til O.K. Henden, Kristen Henden og Arne Henden, tok over sports- og bilforretninga i 1958. Dei to brørne dreiv først i felleskap, men frå 1968 vart det delt slik at Kristen eigde sportsforretninga og Arne tok Volvo-agenturet. Arne Henden bygde etter kvart opp Volvo-avdelingar i Førde og Sogndal, i tillegg til hovudavdelinga på Sandane. I 1981 flytta Hendens Bilforretning inn i nye lokale i Mona på Sandane. Men i 1984 gjekk bilfirmaet konkurs, og nye eigarar tok over anlegga under firmanamn SF Auto. I 2005 kjøpte Frydenbø Bilsenter i Bergen Volvo-forhandlaren SF Auto på Sandane og i Sogndal.

Eige flyselskap

I 1957 starta Arne Henden det første flyselskapet i Sogn og Fjordane – Fjordfly. Dette dreiv m.a. avis- og ambulanseflyging. I dei første ”oljeåra” i Nordsjøen satsa Arne Henden med Fjordfly sterkt på transport av oljearbeidarar mellom Noreg og Stortbritannia, men kom i økonomiske vanskar og gjekk konkurs i 1975. Firdafly vart reist på ruinane etter Fjordfly.

Sportsforretninga til Henden-familien i Sandane sentrum vert framleis driven under firmanamnet O.K. Henden A/S.

MEIR OM GLOPPEN 
Gloppen kommune

 
Aviser og media i Gloppen
Historia i Gloppen
Industri og næring i Gloppen
Kjende personar i Gloppen
Kommunehistoria i Gloppen
Krigshistoria i Gloppen
Kyrkjer i Gloppen
Samferdsle i Gloppen
Skular i Gloppen
Verd å sjå i Gloppen

 
Lyd frå Gloppen
Video frå Gloppen
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no