SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Gaular:

Posten i Gaular

Sveen

i Bygstad fekk postopneri i 1787 i samband med at postruta langs Den trondhjemske Postvei vart starta.

Publisert 15.03.2007 09:09.
Dei første åra var adressa ”Sveen i Indre Holmedal”, i 1812 berre ”Sveen”, og så tilbake til ”Sveen i Indre Holmedal” i 1833. I 1837 vart dette postopneriet flytta til Dale og fekk poststempel ”Dale”. Truleg var den indre delen av Dalsfjorden utan eige postopneri i dei neste ni åra, for først i 1846 kom det på nytt eige postopneri på Sveen med den nye gjestgjevaren der, Anders Daae, som poststyrar. Dette postopneriet fekk andresse ”Indre Holmedal”. I 1859 vart namnet på dette kontoret endra til ”Bøgstad”, og i 1891 til ”Bygstad”. I 1878 overtok handelsmann O.A. Lunde (sjå Gründeren O. A. Lunde) i Eidevik som poststyrar og fekk kontoret flytta dit. I 1973 vart det klassifisert som underpostkontor og i 1977 som postkontor C.

Indre Holmedal

– sjå Sveen.

Bøgstad

– sjå Sveen.

Bygstad

– sjå Sveen.

Sande

fekk postopneri i 1856 med adressa ”Sande i Søndfjord” og med landhandlar Bernt Sivertsen som første styrar. I 1921 vart adressa endra til ”Sande i Sunnfjord”.

Vig

fekk postopneri i 1876 med Cornelius G. Ørnehaug som første styrar. Namnet vart i 1886 endra til Viksdalen. I 1973 var det underpostkontor og i 1977 postkontor C.

Viksdalen

– sjå Vig.

Hæstadgrænden

fekk brevhus i 1896. I 1919 vart det omgjort til postopneri med adresse Hestadgrend, og med handelsmann Jakob A. Kirkeli som første styrar. Kontoret vart lagt ned i 1970 og innordna under Sande.

Hestadgrend

– sjå Hæstadgrænden.

Sunde

på nordsida av Dalsfjorden fekk brevhus i 1902 under adressa Sunde i Ytre Holmedal. I 1911 vart det omgjort til postopneri med dampskipsekspeditør Kornelius Sunde som første styrar. I 1921 vart adressa endra til Sunde i Dalsfjorden. I 1973 vart det omgjort til underpostkontor, i 1977 til postkontor C og lagt ned i 1982 og innordna under Bygstad.

Skilbrei

fekk brevhus i 1904. Det vart omgjort til postopneri i 1919. I 1973 fekk det status som underpostkontor, i 1977 til postkontor C og lagt ned i 1996.

Aarberge

fekk brevhus i 1904. Adressa vart endra til Årberge i 1917, og brevhuset vart lagt ned i 1920.

Årberge

– sjå Aarberge.

Horsevik

fekk brevhus i 1905. Namnet vart endra til Grimsvik i 1933, og det vart lagt ned i 1970 og innordna under Sande.

Sygnen

fekk brevhus i 1907. Namnet vart endra til Sygna i 1933, og det vart postopneri i 1937 med handelsmann Olav Birkeland som første styrar. I 1969 vart kontoret lagt ned og innordna under Sande.

Sygna

– sjå Sygnen.

Standnes

på nordsida av Dalsfjorden fekk postopneri i 1911 med handelsmann I. A. Standnes som styrar og med adressa ”Standnes i Søndfjord”. I 1921 vart dette endra til ”Standnes i Sunnfjord” – frå 1975 berre ”Standnes”. Kontoret fekk status som postkontor C i 1977 og vart lagt ned i 1987.

Øvrestrand

fekk brevhus i 1915. Det vart lagt ned i 1966 og innordna under Sande.

Myrmæl

fekk brevhus i 1933. Det vart lagt ned i 1969 og innordna under Sande.

Bjørvikstranda

fekk brevhus i 1937. Dette vart omgjort til postopneri i 1945 med dampskipsekspeditør
Martin Nistad som første styrar. I 1968 vart postopneriet lagt ned og innordna under Bygstad.

Yksland

fekk brevhus i 1948. Det vart lagt ned i 1970 og innordna under Vadheim.

MEIR OM GAULAR 
Gaular kommune

 
Historia i Gaular
Industri og næring i Gaular
Kjende personar i Gaular
Kommunehistoria i Gaular
Krigshistoria i Gaular
Kyrkjer i Gaular
Samferdsle i Gaular
Skular i Gaular
Verd å sjå i Gaular

 
Lyd frå Gaular
Video frå Gaular
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no