|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Kjende personar i Eid: AudbjørnAudbjørn (ca.840–ca. 870), lokal småkonge over Firdafylke, truleg busett på Myklebust på Nordfjordeid. Publisert 13.03.2007 14:18. I den store gravhaugen Rundehogjen på Myklebust vart ein rik og mektig hovding gravlagd i eit 25 meter langt vikingskip ca. året 870. Mannen i grava hadde døydd 30-35 år gamal, og beinrestane viste arr etter noko som kan ha vore hogg frå sverd eller øks. I Snorre si kongesoge om Harald Hårfagre meiner arkeologen Bente Magnus å finne haldepunkt for at det var småkongen Audbjørn eller broren Vemund som vart gravlagd i Rundehogjen: Dei to brørne rådde i Firdafylke i dei åra då Harald Hårfagre la under seg Noreg.
Fall på SolskjelStorgarden Myklebust var tvillaust eitt av dei rikaste og mektigaste hovudseta på Vestlandet i vikingtida.
Småkongen Audbjørn var mellom motstandarane til Harald Hårfagre. I sjøslaget ved Solskjel på Sunnmøre ca. 870 fall Audbjørn. Broren Vemund tok då over som konge over Firdafylke og tok til å samle skip og utstyr til eit oppgjer med kong Harald som var ventande sør om Stad neste vår.
Brann inn med 90 mennMen seinhaustes same året som slaget ved Solskjel stod, drog Ragnvald mørejarl som var kong Harald sin allierte, den indre vegen sørover til Fjordane og kom til Eid. Der fekk dei vite at kong Vemund denne kvelden var i gjestebod på garden Naustdal saman med 90 av mennene sine. Ragnvald mørejarl kringsette veitslestova på Naustdal og brende Vemund og mennene hans inne. I tillegg rana Ragnvald garden til Vemund og stal skipa hans.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|