|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Nasjonalparkar og naturvern i Sogn og Fj: Nasjonalparkar | På Austerdalsbreen med brearmane Odin og Tor. Foto: Ingeborg Flaten |
Jotunheimen nasjonalpark vart skipa i 1980 og ligg i kommunane Årdal og Luster i Sogn og Fjordane og Lom og Vang i Oppland fylke. Det verna området er på 1.145 kvadratkilometer. Publisert 14.02.2007 13:38. Oppdatert 18.02.2007 11:23.
-Les meir om Jotunheimen nasjonalpark under kommunane Årdal og Luster.
I 1992 vedtok Stortinget å gjere Jostedalsbréen med nærliggjande bréar og sidedalar til nasjonalpark. Det samla arealet til nasjonalparken er på 1320 kvadratkilometer.
Jostedalsbréen nasjonalpark ligg i koimmunane Stryn, Gloppen, Jølster, Førde, Balestrand, Sogndal, Luster og Skjåk. Sjå elles Jostedalsbreen nasjonalpark
Hallingskarvet nasjonalparkvart skipa i 2006 og dekkjer eit fjellområde på 450 kvardratkilometer i kommunane Aurland, Hol og Ulvik. Ein av dei viktigaste grunnane til å skipe nasjonalparken var å sikre leveområdet for villreinstammen i Nordfjella.
Omfanget av nasjonalparkane i Sogn og FjordaneTala står for samla areal i kommunane, kvadratkilometer nasjonalpark og prosentvis del nasjonalpark i kommunen:
Stryn 1381 469 34
Gloppen 1028 41 7
Jølster 671 142 21
Førde 586 40 7
Balestrand 430 8 2
Sogndal 746 107 14
Luster 2707 694 26
Årdal 976 52 5
Aurland 1468 7 0,5
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|