Vik fekk postopneri i 1844 med eige stempel ”Viig i Sogn” etter at Vik formannskap i 1839 sende sin første søknad om å få postopneri til bygda.
Fresvik
fekk postopneri i 1872 med poststempel ”Fresvig” og med landhandlar P. Ylvisaker som første styrar. Sidan 1889 har poststempelet vore ”Fresvik”. I 1973 vart det underpostkontor, frå 1977 postkontor C, og kontoret var lagt ned i 1997.
Feios
fekk postopneri i 1876 med landhandlar og dampskipsekspeditør Christen I. Offerdahl som første styrar. I 1974 fekk det status som postkontor C, og det vart
lagt ned i 1997.
|
Feios i 1906. Foto: Vik lokalhistoriske arkiv |
Vangsnes
fekk postopneri i 1877 med kyrkjesongar Olaus O. Dahle som første styrar. Fram til 1889 vart postadressa skriven ”Vangsnæs”. I 1973 fekk Vangsnes status som underpostkontor, og postkontor C i 1977. Postkontoret vart lagt ned i 1997.
Arnafjord
fekk postopneri i 1879 med dampskipsekspeditør Ole Larsen Hellen som første styrar. Fram til 1921 var namnet Arnefjord. I 1973 fekk det status som underpostkontor og i 1977 postkontor C, før det vart lagt ned i 1978 og innordna under Vik.
Sylvarnes
fekk postopneri i 1890. Det vart avløyst i 1972 av eit brevhus som vart lagt ned i 1974 og innordna under Vik.
Framfjorden
fekk postopneri i 1909 med lærar B. Straume som første styrar. Det fekk status som underpostkontor i 1973, og vart lagt ned i 1977.
Indrefjorden
fekk brevhus i 1926. Det fekk status som postopneri i 1958 og underpostkontor i 1973. Kontoret vart lagt ned i 1977 og innordna under Vik.
Finnafjord
(Finden) fekk såkalla brevhus II i 1938 med gardsarbeidar Lars L. Finden som styrar. Brevhuset vart lagt ned i 1974 og postadressa vart deretter Vik i Sogn.
Vetlesand
fekk brevhus II i 1957. Det vart lagt ned i 1974 og innordna under Vik.
Vikafjell
fekk eit såkalla brevhus II i 1961. Dette var eit sesongbrevhus som var ope frå 15. mai til ut august. Det vart lagt ned i 1974.