SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Bremanger:

Kriminalsaker frå Bremanger


Publisert 06.12.2006 11:08. Oppdatert 21.12.2006 10:03.

Rettarstaden Tjuveholmen

I Rugsundet ligg Tjuveholmen, som var rettarstad i gamle dagar.

Dødsdom for blodskam med tanta

I 1656 vart Peder Otteren og tanta Marte Pedersdotter Bortne dømde til døden fordi dei hadde hatt samleie.

Halshoggen for hekseri

I juli 1658 fall skarprettarøksa over nakken til Gjertrud Andersdotter Hunskår. Deretter vart liket brent. Gjertrud var dømd til døden for trolldom og horeri.

Dødsdom for legermål i Bremanger

På 1600-talet slapp eit forelska par unna øksa, medan det gjekk verre for eit par på 1700-talet.

Rømde frå brennemerking, vart halshoggen

I 1664 vart Eli Kristi Olesdotter frå garden Nesbø dømd til kakstryking, d.v.s. 27 piskeslag på naken rygg medan ho var bunden til ein stolpe.

Dobbeltdrap på Vågsberget

I 1704 vart to mann drepne ved skjenkestaden på Vågsberget i Vågsøy. Den eine kom frå Klungreset i Bremanger og heitte Jakob Jonsson Klungreset. – Les meir under Vågsøy kommune – Dobbeltdrapet på Vågsberget i 1704. Jakob Klungreset hadde saman med Synnøve Kristoffersdotter Varpe vorte dømd til fengselsstraff fordi dei hadde hatt samleie utanfor ekteskap. Etter soninga busette Jakob seg i Vemmelsvik i Vågsøy.

Avretta for samleie med bror-enkja

I 1730 vart Mons Adamson Hestevik frå Berle avrretta for å ha hatt samleie med Anne Marie Gregoriusdotter Hestevik.

Leik i sengehalmen kosta fire hovudet

I 1744 skilde skarprettarøksa to hovud frå kroppane på garden Grotle.

Eplekrangel enda i drap

Aust for Ålfoten ligg ein attgrodd gard i Askevika. Her drap bonden Elling Olseson i 1751 Abelone Kristine Limrup etter ein krangel om nokre eple.

Banning førde til tukthus

Eit ektepar på Endal på 1700-talet heldt det gåande seg imellom med skjenn og trette. Dessutan var begge fæle til å banne, og kona hadde dessutan forsømt nattverden i kyrkja i over eitt år. Alt slikt var straffbart på den tid, og begge fekk i 1757 dom og hamna på ”Spinnehuset” i Bergen fordi dei hadde ført eit så gudlaust liv.

Falskmyntar i Midtgulen?

På garden Myklebust i Midtgulen vart Hans Hansson Myklebust arrestert i 1766 og skulda for å ha slege om seg med falske pengar i Bergen.

Husmann kravde inn eigen ”jekteskatt”

På slutten av 1700-talet kravde ein kar som heitte Sakris inn "avgift" frå jekter som passerte øya Vengen.

Kvinneleg lensmann på 1700-talet

I eldre tider kunne det hende at enkjer etter ombodmenn fekk overta stillinga når mannen døydde.

Pengekrav førde til sjølvmord

I 1785 fann grannane bonden Johannes Jakobsen på garden Bremnes hengande i eit tau.

Brende skogen – vart kvitt sjørøvarane

Lengst inne i Bremangerpollen ligg gardane Førde – eller Førs som dei vert kalla på dialekt.

MEIR OM BREMANGER 
Bremanger kommune

 
Aviser og media i Bremanger
Historia i Bremanger
Industri og næring i Bremanger
Kjende personar i Bremanger
Kommunehistoria i Bremanger
Krigshistoria i Bremanger
Kyrkjer i Bremanger
Samferdsle i Bremanger
Skular i Bremanger
Verd å sjå i Bremanger

 
Video frå Bremanger
Lyd frå Bremanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no