Første norske ordboka
Gjennom tida har prestegarden i Askvoll vore tilhald for mang ein prest som har sett merke etter seg i norsk kulturhistorie og politikk:
Christen Jenssøn Askevold gav i 1664 ut den første norske ordboka:”Den Norske Dictionarium eller Glosebog”.
Biskop i Bjørgvin
Fredrik Arentz, sokneprest i Askvoll frå 1729, vart seinare prost i Sunnfjord og biskop i Bjørgvin. Han var far til den kjende sorenskrivaren i Sunnfjord,
Hans Arentz - ein av dei fremste mennene på Vestlandet i det som vert kalla ”opplysningstida” på 1700-talet, då han m.a. skreiv verket ”Beskrivelse over Søndfiord” på 900 sider.
Stortingspresident
Askvoll-presten Georg Prahl Harbitz (sjå
Kjende personar i Askvoll fødde år 1800-1900) vart stortingsmann og i 1848 den første presidenten som Stortinget fekk velje sjølv, og då Hyllestad vart skilt ut som eigen kommune frå Askvoll og Lavik i 1861 var det soknepresten
Johan Carl Christie som gjorde opptaket til kommunedelinga. Fleire av sokneprestane har vore ordførarar i Askvoll.
Første fastskulen i Askvoll
Den første fastskulen i bygda heldt til i prestegarden. Det same gjorde det første postopneriet frå 1863.
Kastanjeallé
Bustadhuset på prestegarden vart bygd i 1905, då dei reiv eit hus som var bygd i 1842. I den store hagen kring huset hadde presten Christie m.a. planta ein lang allé med kastanjetre.
Dyresjå
På Prestegardsøyra ned mot sjøen låg Utstillingsplassen. Her vart det m.a. halde dyresjå. Utstillingsplassen vart teken som bustadfelt frå 1951 og utover.
|
Småfesjå på utstillingsplassen, truleg før 1920. Foto frå boka Askvoll - kommunesenteret ved Sunnfjordleia |