I 1879 kom lærdølen og underoffiseren Ole Knutsen Helland til Gudvangen og bygde ”Hellands Hotell” like ved Schultz Hotell.
På nedsida av vegen dreiv han butikk. Ole døydde i 1882, 32 år gamal. På same vis som med det andre hotellet i bygda, vart det også her enkja, Brita Helland, som dreiv Hellands Hotell vidare i nokre år inntil ho måtte slå seg konkurs. Ein lærdøl som hadde kausjonert, slo til seg eigedommen, men i 1892 kom den tidlegare styrmannen Alfred Barclay Meidell inn som hotelleigar.
Vikingvang Hotell i 65 år
I 1895 bygde Alfred Barclay Meidell på hotellet med ein matsal sørover og gjorde elles andre endringar og utvidingar på bygget, og no kalla han det Vikingvang Hotell.
I 1899 kjøpte direktøren på Stalheim Hotell, tyskaren Cristian Freiburg, Vikingvang Hotell i Gudvangen. Den neste eigaren og direktøren på Stalheim Hotell, bergensaren
John Waler, overtok i Gudvangen i 1912 og dreiv til 1916. Stalheim Hotell AS fekk offisiell skøyte på hotelleigedommen i Gudvangen i 1918.
Tidleg på 1950-talet vart hovudbygningen på Vikingvang Hotell selt til kjøpmann Hans Martinussen Dræge, medan eit anneks på nedsida av vegen som høyrde til hotellet, vart kjøpt av eigarane av Gudvangen Hotell - det som tidlegare heitte
Hansens Hotell – Olav og Leif Hylland.
Hans M. Dræge la ned Vikingvang Hotell kring 1960, medan Olav Hylland og hans slekt utvikla hotelldrifta i Gudvangen vidare til det som i dag er kjent som
Gudvangen Fjordtell.