SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Vågsøy;

Posten i Vågsøy

I eldre tider vart den kongelege posten ført med eigne rorskarar opg seglskuter langs kysten. Frå 1823 var garden Eide i fjordbotnen i Moldefjorden i Selje det viktigaste knutepunktet for postdistribusjonen i ytre Nordfjord.

Publisert 04.09.2006 11:57. Oppdatert 02.03.2007 13:18.
Grunnen var at her tok postførarane sekken vidare over Mannseidet til Møre-sida, og på Eide vart det også sett opp ei postrute over Berstadeidet og Rimstadddalen mot Bryggja. Derfrå vart posten rodd innover fjorden til embetsfolk og prestegardar.

Pilegrims- og postvegen Berstad-Bryggja

Frå Berstad og over Berstadeidet og mot Rimstadddalen er det framleis tydelege spor etter den gamle postvegen: Fleire stader finn ein steinheller til å gå på, restar etter bruer, i bratt skråbakke er den greven inn i bakken med den faste breidda som ein offentleg rideveg skulle ha: to alner – d.v.s. 1,26 meter.
Også pilegrimar på veg til klosteret på Selja nytta Berstadeidet som ferdsleveg. På 1920-talet gjekk forfattarinna Sigrid Undset denne vegen saman med historieprofessor Francis Bull på ein tur til Selje kloster.

Posten over Maurstadeidet

Då køyrevegen over Maurstadeidet vart opna i 1866, vart postruta nord-sør lagt etter denne vegen, og kontoret på Eide miste sin status som knutepunkt i postgangen. I staden fekk no postruta som gjekk innover Nordfjord korrespondanse på Einehaugen på Kjødepoll-sida. Posten gjekk så via Åheim og over Maurstadeidet til Bryggja og derifrå med robåt innover Nordfjord heilt til Utvik.
Ein legendarisk postførar på 1800-talet var Jakob August Pisani, ein mann med italiensk opphav som budde på Bryggja, og som tente som postførar både i Nordfjord og i indre Sogn.

Bryggja

fekk postopneri i 1841 med eigaren av kremmarleiet der, Erik O. Nord som første styrar. I portotabellen for 1848 er poststempelet endra frå ”Bryggen” til ”Davigen”, og i 1858 tilbake til ”Bryggen”. I 1858 fekk nemleg Davik på sørsida eige postopneri. Under vårsildfisket i siste halvdel av 1800-talet var det sett opp ei postførande dampskipsrute ein gong i veka mellom Mosterhamn i Sunnhordland og Bryggja i Nordfjord. I 1921 vart postadressa endra frå ”Bryggen” til ”Bryggja”. I 1977 fekk det status som postkontor C.

Bryggen

– sjå Bryggja.

Posten avgjorde bynamnet Måløy

Kremmarleiet på Moldøen fekk først status som fast poststad med eige kontor i 1852.

Moldøen

– sjå artikkelen: Posten avgjorde bynamnet Måløy.

Almenning

fekk postopneri i 1888 med gardbrukar Axel Olsen Almenning som første styrar. I 1890 vart postadressa endra til ”Almenningen”. Kontoret vart lagt ned i 1993.

Raudeberg

fekk postopneri i 1884 med dampskipsekspeditør Iver Jensen Rødberg som første styrar. Fram til 1891 vart postadressa skriven ”Rødberg”. I 1973 fekk det staus som underpostkontor og i 1977 som postkontor C.

Rødberg

– sjå Raudeberg.

Osmundvåg

fekk brevhus i 1892. Fram til 1917 stod det ”Osmundvaag” på poststempelet. Det vart offisielt lagt ned i 1927, men hadde då ikkje vore i verksemd på fleire år.

Vågsvåg

fekk postopneri i 1890 med sakførar H. Friis som første styrar. Året etter tok kjøpmann Rasmus D. Halvorsen over. Men dei første åra var postopneriet i Vågsvåg berre ope i fiskesesongen i februar og mars. Først i 1902 vart det avgjort at ”Vaagsvaagen” postopneri skulle vere ope heile året med levering frå ei såkalla bipostrute to gonger i veka frå ”Moldøen” postopneri inne ved kystleia. I 1917 vart namnet endra til ”Vågsvågen” og i 1921 endra på ny til ”Vågsvåg”. I 1973 vart Vågsvåg underpostkontor. Det fekk status som postkontor C i 1977 og vart lagt ned i 1993 og innordna under Måløy.

Vaagsvaagen

– sjå Vågsvåg.

Halsøyr

fekk brevhus i 1931. I 1933 vart postadressa endra til ”Halsøyra”. brevhuset vart lagt ned i 1950 og innordna under Raudeberg.

Halsøyra

– sjå Halsør.

Vedvik

fekk brevhus i 1931. I 1933 vart postadressa endra til ”Vedevik”, og det vart lagt ned og innordna under Raudeberg i 1950.

Vedevik

– sjå Vedvik.

Refvik

fekk brevhus i 1931 med poststempel ”Revika”. I 1933 vart dette endra til ”Revikja”. Det vart lagt ned i 1950 og innordna under Raudeberg.

Revika

– sjå Refvik.

Revikja

– sjå Refvik.

Silda

fekk postopneri i 1931 med gardbrukar Mons Silden som første styrar. I 1973 vart det underpostkontor, i 1977 postkontor C, og det vart lagt ned i 1997.

Husevåg

fekk postopneri i 1935 med lærar Sigurd Husevåg som første styrar. Det vart lagt ned i 1997.

Holvik

fekk brevhus i 1948 med poststempel ”Ytre Holevik”. Det vart lagt ned i 1964 og innordna under Måløy.

Kråkenesbygda

fekk brevhus i 1949. Det vart omgjort til postkontor C i 1983 og seinare lagt ned.

Kvalheim

fekk postopneri i 1952 med telefonstyrar Hans Myhre som styrar. I 1973 vart det underpostkontor, og i 1974 vart det lagt ned og innordna under Raudeberg.

Deknepollen

fekk postopneri i 1957 med Jenny Olsen som første styrar. Postkontoret vart lagt ned i 1998.

Angelshaug

fekk brevhus i 1961. Det vart lagt ned i 1983.

Gangsøy

fekk brevhus i 1965. Det vart lagt ned i 1987.

MEIR OM VÅGSØY 
Vågsøy kommune

 
Aviser og media i Vågsøy
Historia i Vågsøy
Industri og næring i Vågsøy
Kjende personar i Vågsøy
Kommunehistoria i Vågsøy
Krigshistoria i Vågsøy
Kyrkjer i Vågsøy
Samferdsle i Vågsøy
Skular i Vågsøy
Verd å sjå i Vågsøy

 
Lyd frå Vågsøy
Video frå Vågsøy
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no