SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Selje:

Veg over Sandvikseidet

(265 meter o.h.) kom første gong på tale i 1861, men konkurrerte lenge med ynskjet om ein skikkeleg køyreveg over Mannseidet som hovudsamband internt i kommunen mellom Stadlandet og Selje – og som hovudsamband frå Selje og vidare mot riksvegnettet via Åheim i Vanylven.

Publisert 04.09.2006 10:25.

Det er tydeleg at vegstriden på 1890-talet dreia seg om eit antan-eller, og ikkje eit både-og om dei to vegane over fjellet. Men i 1901 var begge fjellvegane over dei to låge eida ein realitet likevel. I 1861 gjekk Vanylven kommune inn for Sandvikseidet, og Selje formannskap søkte om at Sandvikseidet skulle verte hovudveg. Ein vegingeniør vurderte anlegget og la fram ein mellombels plan for Sandvikseid-vegen i 1862, men andre vegprosjekt kringom i kommunen gjorde at Sandvikseid-prosjektet vart skuva til side.
I 1884 søkte Selje kommunestyre om at vegen over Sandviks-eidet vart stukken, men då vart det reist eit motframlegg: Vegsambandet mellom Selje og Stadlandet burde fylgje den gamle ”kyrkjevegen” over Liberra lengre vest. Dette utløyste ein strid om lineval som til slutt fall ut til førmon for vegprosjektet over Mannseidet. Ei ”ytre line” over Sandvikseidet måtte difor vente på tur etter Manneidet, og vart først opna i 1901. Denne gav samanhengande veg mellom kommunesenteret Selje og Stadlandet, sidan vegen mellom Sandvik og Leikanger var ferdig i 1897. Vegen frå Sandvik og austover mot Einehaugen ved Kjødepollen var ferdig kring 1960.

Vegane på ytre Stadlandet

Veg gjennom Morkadalen mellom Leikanger og til Ferstad og Ervik på Ytre Stadlandet var ferdig i 1876.

Turistvegen til Vestkapp (Kjerringa)

- sjå artikkelen: Vegane på ytre Stadlandet .

Vegar til Drage og Hoddevik

Skipsdraget over Dragseidet (170 meter o.h.) har eksistert sidan førhistorisk tid (sjå artikkelen: Tjodvegen over Dragseidet. I 1889 vart det bygd skikkeleg køyreveg over eidet frå sjø til sjø. Frå midt oppe på Dragseidet vart det bygd veg vestover til Hoddevik i 1925.

MEIR OM SELJE 
Selje kommune

 
Historia i Selje
Industri og næring i Selje
Kjende personar i Selje
Kommunehistoria i Selje
Krigshistoria i Selje
Kyrkjer i Selje
Samferdsle i Selje
Skular i Selje
Verd å sjå i Selje

 
Video frå Selje
Lyd frå Selje
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no