SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kriminalsoger frå Aurland:

Gapestokk og slaveri for legermål

I eldre tider var det harde straffer dersom nokon hadde ”besovet” kvarandre utanom ekteskap.

Publisert 28.08.2006 11:23.

Og ektefolk kunne også få slik straff dersom barnet vart fødd før ni månader hadde gått sidan bryllaupet. Prest og fut tok seg godt betalte i tiende og bøter, og straffa vart ofte sona i fiskeværa i Nord-Noreg, eller i Kongen sine gruver i Årdalsfjella, Årdal Koparverk.

På garden Breisnes utemed Aurlandsfjorden var det spretne karar. I 1762 fekk Ole Hansen Stegen frå Breisnes barn med ei jente frå Hjøllo. Han fekk to års straffearbeid i fiskeværa nordpå og måtte gje frå seg alt han eigde for å betale bota for dette eventyret. I 1779 var det broren Sjur sin tur, men han slapp unna med fylgjande forklaring: Han hadde vore i fjellet på reinsjakt, og då han mørkna ute, måtte han søkje hus der det var råd. Slik hamna han på næraste støylen og under fellen til ei budeie, og då var det gjort!

Verre gjekk det med Henrik Torbjørnsen Dræge då han i 1721 fekk barn med syskenbarnet sitt, Ragnhild Halvordotter. Men Henrik fekk lurt ein annan kar som hadde eit godt auge for Ragnhild, til å ta på seg farskapet. Lureriet vart likevel kjent etter ei tid, og Henrik tapte alt han eigde. I tillegg måte hans slave to år i Kongens gruver.

I 1726 hamna Kristense Bjørgum i gapestokken på kyrkjebakken tre sundagar på rad fordi ho hadde hatt sengeeventyr med Johannes Jonsen og Ole Guttormsen Aas. Også Ole måtte stå til spott og spe i gapestokk tre gonger fordi han hadde vore til sengs med ei anna jente. I tillegg måtte han betale 24 lodd sølv i bot.

MEIR OM AURLAND 
Aurland kommune

 
Historia i Aurland
Industri og næring i Aurland
Kjende personar i Aurland
Kommunehistoria i Aurland
Krigshistoria i Aurland
Kyrkjer i Aurland
Samferdsle i Aurland
Skular i Aurland
Verd å sjå i Aurland

 
Video frå Aurland
Lyd frå Aurland
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no