SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Vegar i Aurland:

Postveg og skyssplikter

Då poststellet i Noreg vart organisert i 1647, gjekk posten mellom Oslo og Bergen over Voss og Gudvangen.

Publisert 28.08.2006 09:50. Oppdatert 28.08.2006 11:52.

Postvegen vart også Kongevegen og gjekk frå Oppheim og Stalheim ned den stupbratte Stalheimskleiva til Gudvangen, og med båt til Lærdal - før dampskipa tok over ruta direkte Bergen-Lærdal frå 1838. Kongevegen ned Stalheimskleiva og ned til Gudvangen gjorde at den eldre ferdslevegen Raundalen-Flåm-Aurland vart mindre brukt enn tidlegare.
Frå gamalt av var det folk frå bygdene Leikanger, Vangsnes, Feios og Fresvik som hadde vedlikehaldsplikt på vegen opp Nærøydalen. I 1824 vart dei avløyste for denne plikta som frå då vart lagt på folket i Aurland prestegjeld, men frå 1833 måtte Feios og Fresvik på nytt inn i plikttensta på vegen.
I 1785 var Nærøy skipreide eitt skyssområde der seks bønder hadde skyssplikta på strekninga Gudvangen-Stalheim, og 12 bønder hadde rorsplikta på fjorden for embetsfolket som skulle skyssast til Lærdal eller andre bygder nord for Sognefjorden.
Bonden på Styvi på austsida av Næryfjorden var postbonde, noko som gav fritak for militærteneste. Kring 1660 vart det bygd ein postveg eit stykke innetter stranda frå Styvi til ein stad der ein rodde over fjorden til Bakka på vestsida, og derfrå på ein sti innover til fjordbotnen i Gudvangen.

Fjordis og isbåtar

Det hende at fjordisen på Nærøyfjorden strekte seg så langt ut at ein ikkje kunne ro frå Dyrdal eller Styvi til Lærdal. Då måtte postmennene over fjellet til Fresvik og ro derifrå til Lærdalsøyri. Det hende også at postføraren nytta ruta over fjellet frå Drægo til Simlenes heilt ved utløpet til Aurlandfjorden og derifrå med robåt til Lærdalsøyri når fjordisen skapte hindringar.
I Aurland var det vanleg å nytte såkalla ”isbåt” for dei som skulle ta seg fram på fjorden, også på isen vinterstid. Denne båttypen vart brukt av postførarane. Isbåtane hadde ikkje vanleg kjøl midt under, men meiar eit stykke ut under sidene slik at dei kunne dragast over isen som ein kjelke. Meiane tente også som kjølar, slik at isbåtane var stødige å ro.

1856 vart det bygd veg Gudvangen-Bakka, mykje fordi reisande på vinterstid lettare kunne kome seg ut til isfritt vatn utan å ferdast over fårleg is eller klive i isete berg utmed fjorden for å nå ut til skyssbåt ved iskanten.
Den gamle postførarordninga mellom Gudvangen og Lærdal vart avløyst av Fylkesbaat-rutene på slutten av 1860-talet.


Gøymde kona i postbåten

Ein gong gjorde postbonden på Styvi ei retteleg prette for lærdølene som kom roande for å hente posten. Han fekk ei husmannskone som han hadde for handa til å leggje seg flat i båten medan lærdølene såg ein annan veg. Så lødde han postskreppene over kona. Då lærdølene kom eit stykke ut i fjorden, tok posten i bakskuten til å lea på seg. Roarane vart redde, men redsla snudde til harme då kona viste seg. Dei truga med å kaste henne på sjøen. Men Styvi-bonden stod inne på land og lo av opptrinnet.


MEIR OM AURLAND 
Aurland kommune

 
Historia i Aurland
Industri og næring i Aurland
Kjende personar i Aurland
Kommunehistoria i Aurland
Krigshistoria i Aurland
Kyrkjer i Aurland
Samferdsle i Aurland
Skular i Aurland
Verd å sjå i Aurland

 
Video frå Aurland
Lyd frå Aurland

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no