|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Eid: Måtte gjere vendereis frå StortingetLærar og klokkar Lars Kristenson Ous (Os) frå Nordfjordeid må truleg vere den einaste som måtte reise heim att frå Stortinget utan få gjort borgargjerninga si: Publisert 22.08.2006 14:17. Oppdatert 22.08.2006 14:24.
Ved stortingsvalet i 1815 vart amtmann Christian Magnus Falsen vald inn på Stortinget for Nordre Bergenhus, d.v.s. Sogn og Fjordane fylke. Men i mellomtida hadde han flytta til Bergen, og i 1818 forkasta difor Stortinget med 37 mot 32 røyster dette valet av Falsen. Futen Kiærboe, som mellombels fungerte som amtmann, var lite inne i valreglane. Han fekk likevel til gåve å straks finne ein erstattar for Falsen på tinget. Kiærboe skreiv då til Lars K. Ous og bad han straks møte på Stortinget som ”første reserverepresentant”. Lars gjorde som han vart bedd om og reiste til Oslo der han var framme den 9. mars 1818. Men der vart han avvist i døra.
Det viste seg nemleg at futen hadde sett feil på listene: Lars var slett ikkje 1. vararepresentant. Den plassen hadde proprietær Ole Torjusson Svanøe, men sidan han låg sjuk og ikkje kunne møte slik på rappen, vart det Absalon Olsson Wereide ( sjå denne under Kjende personar i Gloppen fødde år 1700-1850) som stilte på tinget denne våren i 1818.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|