Sjur i Veim vert ofte kalla grunnleggjaren av Vadheim, som frå starten av Fylkesbaat-drifta vart bygd opp til eitt av dei sentrale trafikk-knutepunkta i Sogn og Fjordane: Vadheim vart innfallsporten til den populære turistruta som gjekk med hesteskyss nordover til Førde, Jølster og Sandane.
Sjur hadde gifta seg med gjestgjevardottera i Vadheim, og det var kring det gamle gjestgiveriat at han bygda verksemda si: I 1886 bygde Sjur i Veim stort hotell i tre etasjar og med 40 senger. Hotellet fekk namnet "Hansens Hotell".
Ved sida av hotellet bygde Sjur ein av dei største butikkane i distriktet. Han hadde kundar frå heile Gaular og Viksdalen og langt innover Sognefjorden. Dessutan dreiv han fraktefart med to jakter som han mellom anna reiste til Bergen med for å selje landbruksvarer som han sjølv kjøpte frå bøndene.
Svært rik mann
Sjur Hansen vart ein svært rik mann, og åtte fleire gardar i Sunnfjord og Sogn. Ein av sønene til Sjur, Christian Hansen, dreiv ei tid handel på den gamle handelsstaden Værholmen ved Lavik (sjå
Handelsstaden Værholmen) før han overtok landhandelen til faren i Vadheim. Etter Sjur Hansens død i 1898 dreiv Christian Hansen ei tid butikken, leigde deretter bort, og selde i 1909 til Nils Vattekar.
Ein annan son, Georg, tok over dampskipsekspedisjonen. Dottera Hansine (Sina) overtok saman med ektemaken Andreas Eide frå Bergen hotellet og dreiv det til 1939, då deira son Trygve A. Eide og ekstemaken hans, Nelly f. Kjørlog frå Hafslo, overtok. Trygve A. Eide var elles kjend som ein habil kunstmålar. No hadde hotellet skifta namn til Vadheim Hotell. Det brann i 1961 og vart ikkje bygd opp att.