Jacob Trondson Tørvi (1822–1902), bonde frå Tørvi på indre Hafslo, kjøpte i 1862 eit stykke av Marifjøra sagvelte og starta handel der.
Seinare kjøpte han også gjestgiveriet og dampskipskaia i Marifjøra og vart postekspeditør. Handelsbua som han starta, har sidan vorte kalla Jakobhuset. På Marifjøra sagvelte dreiv han også sagbruk og mølle. Sagbruket var i drift til kring 1938. Sjølv om Jacob dreiv allsidig i Marifjøra, vart han likevel buande på garden på Tørvi.
I 1899 overtok svigersonen Trond Jacobson Feet som postopnar i Marifjøra, og det var han som i 1904 bygde det staselege, raudmåla huset i sveitserstil som sidan vart dokterbustad og vart kalla Gamle dokterbustaden.
Dotterdottera til Jacob Tørvi, Brita Feet, vart gift med John Hansson Ness som overtok både handel og postopneriet i Marifjøra i 1907. Då John døydde i 1926, overtok svogeren Jacob Trondsson Fett og dreiv handel i huset fram til han døydde i 1955.
Postkontoret i Marifjøra heldt til i Jakobhuset frå 1915 til 1926, og frå 1978 til 1993.
Frå 1956 til 1982 dreiv Indre Hafslo Samyrkelag handel i bygget.
Midt på 1970-talet vart nokre gamle sjøbuer på eigedomen rivne for å gje plass til nye utleigehytter.
- For Jakob Trondson Tørvi : Sjå også
Tørvis hotell og artikkelen ”Dei første kremmarane” under
Handel og gjestgiveri i Marifjøra.