SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Hornindal:

Kommunale industriutleigebygg

Tidleg på 1960-talet gjorde den politiske leiinga i Hornindal noko som var uvanleg på den tida: Kommunen gjekk i brodden for å skape nye og alternative arbeidsplassar i den typiske jordbrukskommunen ved bygging av industriutleigebygg på Ytrehorn og i Kirkhornfjæra ved Hornindalsvatnet.

Publisert 07.02.2006 09:48.


Her kunne kommunen tilby moderne industrilokale til ei rimeleg husleige for nye og eldre verksemder som fann det tenleg å etablere seg i Hornindal. I distrikts-Noreg vart den vesle jordbrukskommunen i Nordfjord eit føredøme for korleis ein på kommunalt nivå kunne utnytte dei nye verkemidla som m.a. skipinga av Distriktenes Utbyggingsfond i 1960 gav med tilskot og lån til næringsutvikling.
I dei komande åra hadde Hornindal stor suksess med å lokke møbel- og tekstilindustrien på Sunnmøre til å knoppskyte med avdelingar i Hornindal.

Misjonsferd mellom sunnmøringar

Ein sentral person i dette arbeidet var tidlegare ordførar Kåre Maurset. Han hadde vore ein sterk motstandar av kommunesamanslåinga med Stryn og Innvik i 1964. Maurset meinte dessutan at honndølene ikkje berre måtte vinne ”sjølvstende” som kommune attende, men at dei også måtte arbeide aktivt sjølve for å få til næringsutvikling i heimbygda. Maurset oppsøkte personleg ei mengd industrileiarar på Sunnmøre og inviterte dei til å byggje avdelingar i Hornindal. Og mange røynde industrifolk let seg både overtyde og sjarmere av den ukonvensjonelle framgangsmåten til Kåre Maurset: I løpet av få år var det skapt kring 100 nye arbeidsplassar i dei kommunale industribygga ved Hornindalsvatnet.

Satsa på tradisjonelt handverk først

I det første bygget som stod ferdig i 1962, vart det starta kurs i treskjering og smedarbeid. Desse kursa bygde på gamle handverkstradisjonar i bygda. Vona var at
treskjering og smedkunst skulle verte ei lønsam attåtnæring på gardsbruka i Hornindal, og at kursa kunne forsyne eit par treskjerarverksemder som alt fanst i bygda med utdanna handverkarar.
Industribygg I stod ferdig i 1966 og gav plass til den nyskipa treskurd-fabrikken Grodås Møbler AS som var eigd av Sandvik & Co. i Ørsta. – sjå Hjellegjerde og Sandvik i Hornindal.

Kvinnearbeidsplassar

I 1967 kunne konfeksjonsfabrikken Grodås Fabrikker A/S, som hadde starta i 1962, ta i bruk Industribygg II. Dette gav kjærkomne arbeidsplassar for kvinner. På det meste arbeidde det kring 60 personar ved denne konfeksjonsverksemda.
Diverre førde billegimport til at det meste av norsk te-ko-industri vart lagd ned frå midten av 1970-talet og utover. Også Gro-fabrikken i Hornindal knekte ryggen, men sleit seg gjennom nokre år med kommunal drift og redusert bemanning før den måtte gje opp i 1988.

Honndølene tok skeia i eigne hender

Etter misnøye med industripolitikken i storkommunen Stryn, tok honndølene sjølve styringa og skipa Hornindal Industrihus AS i 1973. Selskapet bygde eit stort industribygg på Ytrehorn og fekk skipa avdelingar av møbelverksemdene Hanken Industrier AS og Elegante Møbler AS, begge frå Spelkavik.
Her vart det seinare også bygd eit nytt bygg som husa Tekno Fabrikker AS ( sjå Tekno Fabrikker og Ekornes).
I 1978 kjøpte Ekornes Fabrikker AS i Sykkylven desse industribygga og skipa Ekornes Grodås AS.
Tekno fekk plass i eit nytt kommunalt industrihus like ved.
Ekornes har utvikla seg til den største arbeidsplssen i Hornindal kommune og sysselset i 2005 vel 90 personar.

MEIR OM HORNINDAL 
Hornindal kommune

 
Historia i Hornindal
Industri og næring i Hornindal
Kjende personar i Hornindal
Kommunehistoria i Hornindal
Krigshistoria i Hornindal
Kyrkjer i Hornindal
Samferdsle i Hornindal
Skular i Hornindal
Verd å sjå i Hornindal

 
Video frå Hornindal
Lyd frå Hornindal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no