Elva i Stardalen og sideelvane til denne hadde gjennom tidene ført til store flaumar som førde til store problem og økonomiske tap for bøndene.
På 1890-talet gjorde difor
Tor Hansson Veiteberg opptaket til at det flaumfarlege vassdraget vart forbygd og sikra. Han hadde med seg A. K. Øygard og Sakarias Høivik i arbeidet då han i 1897 starta arbeidet med å få flaumsikra Stardalen.
Det vart ein lang om seig kamp: Først i 1914 kom det første arbeidet i gang. I 1916 tok ein opp arbeidet med å sikre elva frå Lyngstadfossen til Fonn. Planen omfatta turrleggjing av eit vassjukt område på 2790 dekar, der 31 grunneigarar var med. Nokre grunneigarar sette seg imot prosjektet, men i 1929 gav Stortinget dei første løyvingane og arbeidet starta i 1930.
Regulering med handemakt
Lange elvestrekningar vart no lagde om i nye kanalar. Det meste av arbeidet gjekk med handemakt og hestetransport. Reguleringsarbeidet var fullført i 1985, 88 år etter at prosjektet starta!
Også på Klakegg og i Våtedalen vart Stardals-vassdraget lagt om og kanalisert i åra mellom 1946 og 1961, med ein del etterarbeid i 1969 og i 1984, det siste i samband med byggjing av den nye riksvegen gjennom Våtedalen.