|
Sjøbuda som Ulf Lem reiste i Måløy. Ved kai D/S "Ruth" |
Ulf Lem var sonen til lensmann Arnoldus Lem på Trollebø, og gift med dotter til den aktive distriktslegen
Johan Nicolay Cappelen som m.a. var dampskipsekspeditør for Amtbaatane då dei tok til i trafikkere Nordfjord i 1859.
(Ekteparet Lem fekk sonen Bjørn. Bjørn Lem vart utkommandert som tolk av tyskarane og vart arrestert etter 2. verdskrig, og omkom i eksplosjonsulukka med ammunisjonslekteren ”Thekla” utanfor Florø 1. september 1945.)
|
Ulf Lem. Foto frå Bygdebok for Selje og Vågsøy |
I handelslære i Sogn
Ulf Lem hadde rike slektningar i Sogn, og gjekk mellom anna i handelslære hjå slektningar i Luster frå han i 1882 kom tilbake og starta handel i Skramsbygda. Her tok han over ein landhandel som hadde vorte driven sidan 1871 av Vaagsøy Forbruksforening med Valdemar Ellingsen som styrar.
"Gudfaren" til Måløy
Ulf Lem bygde etter kvart ut eit stort handelshus med m.a. dampskipskai og import- og eksportforretning, og vert rekna som ”gudfaren” og grunnleggjaren av Måløy som ein framsynt og eksport-orientert fiskeriby. Dei fleste handelsmenn og eksportørar som starta for seg sjølv i åra kring 1. verdskrig, hadde vore i teneste hjå Ulf Lem. Kring 1885 skaffa han den første store bankskøyta til Måløy, og i 1899 kjøpte han fiskedampskipet ”Ruth”. I oppgangstida kring første verdskrig auka Ulf Lem formua si til 520.000 kroner!
Økonomiske vanskar
I 1928 kom Ulf Lem, som då var styreformann i Ulvesund Kreditbank, i økonomiske vanskar i samband med at banken gjekk konkurs. Og før Lem rakk å få orden på finansane att, kjøpte Johannes Myrestrand (sjå J. Myrestrand under
Fiskeriverksemder i Vågsøy) heile firmaet med alle eigedomane.