|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Kristelege lag og org. i Sogn og Fjordane: Den indre Sjømannsmisjon Ideen til ein eigen misjon for fiskarar og sjøfolk i norsk kystfart vart fødd under vårsildfiska på Vestlandet. Publisert 23.01.2006 13:35.
Dette fisket hadde midt på 1800-talet senter på Sunnfjord-kysten. Jakteskipperane Tollef Onarheim frå Tysnes og Jakob Fjærestad frå Os vende seg i 1879 til Bergen Indremisjonsforening og bad den ta opp misjonsarbeid mellom sildefiskarane. Året etter var ein annan jakteskipper som dreiv føring og salting av sild, Amund Jøssendal frå Hardanger, i gang som emissær mellom vårsildfiskarane.
Den indre Sjømannsmisjon vart formelt skipa i 1880 og har særleg markert seg i sosialt arbeid for fiskarar og sjøfolk i innanriksfart. I alt har dette misjonslaget bygd 14 fiskar- og sjømannsheimar langs kysten. Desse ber alle namnet ”Havly”. Den første fiskarheimen vart bygd i Vadsø i 1893.
I Sogn og Fjordane er Den indre Sjømannsmisjon best kjent for misjonsskipa ”Elieser” som m.a. var fast stasjonerte i Måløy og Florø i dei store sildeåra på 1950-talet. Her fungerte ”Elieser” også som sjukestove. Utanom sesongane vart ”Elieser”-skipa nytta som flytande ”bedehus” på forkynningsturnéar til fjord- og kystbygder.
I Måløy hadde Den indre Sjømannsmisjon avdelingskontor i bedehuskjellaren fram til kontoret vart lagt ned i 2005. Dei siste driftsåra dreiv Måløy-kontoret velferdsarbeid for russiske fiskarar som vitja hamna.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|