SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kristelege lag og org. i Sogn og Fjordane:

Kløyving og Vestlandske Indremisjon

Gisle Johnson stod i brodden då dei norske indremisjonslaga skipa Den Norske Lutherstiftelse i 1868, og han var leiar for styret den første tida.

Publisert 23.01.2006 12:59.

På slutten av 1800-talet var det skipa fleire grupperingar som dreiv misjonsarbeid i Noreg, og på 1890-talet var det difor mange som ivra for opprydding og at organisasjonane samla seg i ein ”Landsindremisjon”.
Det vart halde store møte om saka fleire stader i landet, men Bergen indremisjon trekte seg og skipa nærmast som ei utbrytargruppe Det Vestlandske Indremisjonsforbund i 1898. Det viktigaste stridsemnet som førde til kløyving, var Vestlandske sin motstand mot at berre prestar i Den norske kyrkja skulle gje nattverd. I denne og andre saker var
Vestlandske meir lekmannsorientert enn Det norsk lutherske Indremisjonsforbund: I Vestlandske står lekfolk for nattverden på vanlege lagsmøte, men medlemmene i Vestlandske har ikkje gått så langt at dei har meldt seg uav statskyrkja.

Ei anna sak som tirra vestlendingane til å bryte ut i 1898, var at Kinamisjonen (internasjonal organisasjon frå 1865 som skipa norsk avdeling i 1889) ikkje fekk ordinere misjonærane sine i norske kyrkjer, slik Den norske Santalmisjon (skipa 1867) fekk.

Eiga avis: ”Dagen”

I 1919 starta misjonsfolket på Vestlandet avisa ”Dagen” i Bergen. Bak avisa stod først og fremst menn frå Vestlandske Indremisjonsforbund og nokre frå Kinamisjonen (seinare kalla Misjonssambandet). Nils Lavik vart første redaktør 1919–1952, etterfylgd av den markante samfunnsdebattanten og presten Arthur Berg 1952-1986, deretter Finn Jarle Sæle og tidlegare prost i ytre Sogn, Odd Sverre Hove. Hove har markert seg m.a. i abortmotstanden saman med Børre Knudsen.

”Dagen” fekk stor utbreiing i Sogn og Fjordane, og satsa ei tid mykje på å dekkje hendingar i nordfylket. M.a. var journalist Ludvig Jerdal fast utsend for å dekkje fylkestinga i Sogn og Fjordane.

Normisjon

Normisjon vart skipa i 2001 ved samanslåing av Det norsk lutherske indremisjonsselskap og Den norske santalmisjon. I Sogn og Fjordane førde dette til at det i heile Sogn og i Dalfjorden og Bremanger i Sunnfjord no er to misjonsorganisasjoner som arbeider i den same misjonsåkeren: Normisjon og Det vestlandske indremisjonsforbund. Det siste har frå 2000 heitt berre Indremisjonsforbundet.



Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no