SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Organisasjonar i Sogn og Fjordane:

Sunnfjord Songarsamband

Stongfjord Songlag på tur til Bulandet ein gong i mellomkrigstida. Foto utlånt av Ruth Stang
Stongfjord Songlag på tur til Bulandet ein gong i mellomkrigstida. Foto utlånt av Ruth Stang
vart skipa i 1923 og har kora i Sunnfjord som medlemmer.

Publisert 23.01.2006 11:46. Oppdatert 13.11.2006 10:22.

I tillegg til å skipe til årlege songarstemne, stod songarsambandet for skiping av storkoret ”Sunnfjordkoret” i 1988. Koret talde oppmot 120 medlemmer, vart leia av profesjonelle, innleigde kordirigentar, og heldt i åra fram til 1991 fleire konsertar kringom i Sunnfjord.

Ved 75-årsjubiléet i 1998 hadde Sunnfjord Songarsamband desse medlemskora:

Viksdalskoret (Gaular) skipa 1922.
Kvammen Songlag (Askvoll) skipa 1927.
Stardalen mannskor skipa 1936.
Jølstrakoret (Vassenden, Jølster) skipa 1964.
Vestklang (Florø, Flora) skipa 1975.
Bremanger Songlag skipa 1977.
Sande Blandakor skipa 1977.
Atløykoret (Askvoll) skipa 1978.
Fure og Våge Sognlag (Fjaler) skipa 1979.
Førde Kammerkor skipa 1983.
Skeivass-koret (Jølster) skipa 1987.
Digitalis (Askvoll) skipa 1988.
Bremanger Kammerkor skipa 1989.
Naustdal Felleskor skipa 1989.
Jomentum (Florø) skipa 1990.
Coda (Jølster) skipa 1992.
Cora (Førde) skipa 1993.
Brandsøykoret (Flora) skipa 1994.

Tidlegare medlemmer i Sunnfjord Songarsamband:

Ullaland Songlag (Naustdal) skipa truleg 1881.
Naustdal Songlag skipa 1893.
Stongfjorden Songlag skipa 1921.
Svelgen Songlag (Bremanger) skipa 1927.
Vevring Songlag skipa 1936.
Florø Songlag skipa 1939.
Jølster Songlag skipa 1957.
Mannskoret Samklang (Førde) skipa 1958.
Fjordakoret (Gaular) skipa 1975.
Steinhovden Songlag (Flora) skipa 1976
Eikefjord Songlag skipa 1977.
Nesalendingen (Straumsnes, Fjaler) skipa 1980
Holmedal Songlag skipa 1882.
Værlandet Vokalensemble (Askvoll) skipa 1988.
Bru kantori (Flora) skipa 1989.


MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no