SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Organisasjonar i Sogn og Fjordane:

Sogn og Fjordane Friidrettskrins

Eitt av dei gode kasttalenta i Sogn og Fjordane, Trude Raad frå Gloppen.
Eitt av dei gode kasttalenta i Sogn og Fjordane, Trude Raad frå Gloppen.
Sogn og Fjordane Friidrettskrins vart skipa i 1922, tre år etter at Sogn og Fjordane Distriktslag for Idrett (idrettskrinsen) vart skipa.

Publisert 23.01.2006 11:34. Oppdatert 08.11.2006 21:32.

Ragnvald Søreide frå Gloppen vart vald til første leiar. Heilt frå starten i 1922 vart det skipa til krinsmeisterskap. Såkalla pokalkampar vart skipa til kvart år i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Her vart det tevla i 100 meter, 1500 meter og 5000 meter løp, kule, diskos, spyd, høgde, lengde og tresteg.

Kvinnene kom etter

Kvinnene fekk delta i krinsmeisterskapen for første gong i 1931 i øvingane 60 meter og høgdehopp, men det var først etter 2. verdskrig at det vart skikkeleg driv i friidretten for kvinner i fylket.

Få skikkelege baner

Friidrettskrisen skipa til det første trenarkruset i Høyanger i 1933 for i alt 22 påmelde. I 1935 fekk fylket eit eige autorisasjonsråd for dommarar.
Før 1945 var det berre Florø, Førde, Høyanger og Sandane som hadde skikkelege idrettbaner med rundbane for friidrett. Også på ei bane i Stongfjorden kunne det skipast til større stemne.

Asbjørn Hansen i Utvikstafetten i 1944.

Asbjørn Hansen den første store

Organisert idrettsaktivitet låg nede under 2. verdskrig. Det første krinsstemnet etter freden vart skipa til på Kronborg i Førde den 4. juli 1945 med 50 deltakarar. Her vann Asbjørn Hansen frå Sandane 1500 meter suverent med 4.09.5. Hansen vart den første store friidrettsprofilen frå fylket, og tok NM-gull på 1500 meter i 1946.




Landskamp i Årdal

I 1979 gjekk friidrettskrinsen inn i samarbeidsorganet Friidrett Vest. Same året vart det første, store internasjonale friidrettstemnet skipa til i Sogn og Fjordane, då det vart halde trelandskamp i Øvre Årdal.
Ingrid Kristiansen på Jotun Stadion. Foto: Egil Jørgen Lund, utlånt frå Årdal Sogeleg.


Frå 1982 har friidrettkrinsen hatt eigen foretningsførar. Den første var Odd Skrede, Førde.

I 1997 hadde fylket i alt 19 400-meters rundbaner med seks løpebaner, og 13 rundbaner som er kortare enn 400 meter. Sju baner var i 1997 utstyrte med kunststoffdekke.
Same året var det registrert idrettshus og idrettshallar i Askvoll, Atløy, Aurland, Balestrand, Eid, Fjaler, Florø, Førde, Gaupne, Høyanger, Innvik, Sandane, Sogndal, Stryn, Svelgen, Vik, Øvre Årdal og Årdalstangen. (Kjelde: Friidrett i Sogn og Fjordane fram til år 2000.)

Håkon Fimland frå Naustdal t.v. og Kjellfred Weum frå Luster hadde mange tette oppgjer på 110 m hekk. Foto: BA

MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no