|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Organisasjonar i Sogn og Fjordane: Sogn og Fjordane Pensjonistlagvart skipa i 1972 med Gudleik Førde frå Høyanger som første leiar. Publisert 22.01.2006 20:33.
Fylkeslaget var den gongen sett saman av lokale pensjonistlag som var skipa i Høyanger, Årdal, Vik, Førde og Askvoll. Innan eit par år var det skipa i alt 15 lokale pensjonistlag kringom i fylket. Fylkeskontoret vart først plassert i Høyanger, men vart flytta til Førde i 2007.
Utanom ålmenne velferdssaker for eldre, har fylkeslaget i Sogn og Fjordane m.a. engasjert seg i kampen for nærbutikkar, lokalsjukehus og helseheimar.
Ved 25-årsjubileet i 1997 var i alt 45 pensjonistlag medlemer i Sogn og Fjordane Pensjonistlag:
Høyanger skipa 1946
Årdal skipa 1970
Askvoll skipa 1972
Flora skipa 1972
Førde skipa 1972
Vik skipa 1972
Breim skipa 1973
Fjaler skipa 1973
Luster skipa 1973
Naustdal skipa 1973
Sogndal skipa 1973
Vågsøy skipa 1973
Balestrand skipa 1974
Bø skipa 1974
Eid skipa 1974
Lærdal og Borgund skipa 1974
Stryn og Hornindal skipa 1974
Svelgen skipa 1974
Eikefjord skipa 1975
Kalvåg skipa 1975
Leikanger skipa 1975
Lavik skipa 1976
Bremanger skipa 1977
Arnafjord skipa 1978
Fjærland skipa 1978
Gaular skipa 1978
Jølster skipa 1978
Selje skipa 1978
Stadt skipa 1978
Brekke skipa 1979
Byrknesøy skipa 1979
Fresvik skipa 1979
Sørsida skipa 1979
Viksdalen skipa 1979
Øen skipa 1979
Aurland skipa 1980
Bryggja skipa 1980
Hyllestad skipa 1980
Solund skipa 1980
Gloppen skipa 1983
Hyen skipa 1984
Vadheim skipa 1984
Askrova skipa 1985
Steinhovden skipa 1986
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|