SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Fiskerihistoria i Sogn og Fjordane:

Sogn og Fjordane Fiskarlag

"Campella" på størjefiske i 1950-åra. Foto frå Sogehefte for Askvoll kommune, utlånt av Målfrid Hittun Fedøy
vart skipa i 1918. På nasjonalt plan vart den første interesseorganisasjonen for fiskarane skipa i 1879.

Publisert 22.01.2006 18:44. Oppdatert 22.01.2007 09:57.


Det var ”Selskapet for de norske fiskeriers fremme” som vart skipa på eit møte i Bergen. Men så tidleg som i 1880 vart det første lokale interesselaget for fiskeria skipa i Florø: Florø Fiskeriselskab (les meir om dette under Fiskerihistoria i Flora). Men dette lokallaget var først og fremst dominert av fiskekjøparar og fabrikkeigarar. Denne dominansen kom også til syne då Fiskeridirektoratet vart skipa i 1900 og fekk sitt eige rågjevande organ; Fiskerirådet. I rådet var Sogn og Fjordane representert med dei mektige fiskehandlarane Ulf Lem og Lars P. Lefdal frå Måløy.
I Måløy vart det skipa eit lokalt fiskarlag i 1903. Dette var først og fremst eit lag som organiserte fiskarar som arbeidde på dei nye fiskeridampskipa som fleire lokale fiskeriselskap kjøpte på den tida ( Les meir om dette under Vågsøy kommune – Måløy vert fiskerisenter).
Dette første fiskarlaget i Måløy har truleg vore i drift berre nokre få år. Selje Fiskeriforening som vart skipa i 1906, fekk derimot lengre levetid. Elles kom det på denne tida lokallag i Rognaldsvåg og Batalden i dåverande Kinn kommune (Flora), Nord-Vågsøy og Barmen i Selje kommune.

Sogn og Fjordane Fylkes Fiskerilag

Sogn og Fjordane Fylkes Fiskerilag – det som no heiter Sogn og Fjordane Fiskarlag – vart skipa den 28. oktober 1918 som eitt av dei første fylkeslaga i landet. I alt 13 lokallag sende utsendingar til skipingsmøtet. Sekretariatet vart lagt til Florø, men vart seinare flytta til Måløy. Saron Batalden frå Kinn vart vald til første formann.
Den landsomfemnande organisasjonen Norges Fiskarlag vart skipa i 1926.

I mellomkrigstida auka talet på lokale fiskarlag sterkt, og i 1938 var 61 lokallag innmelde i fylkesfiskarlaget. Desse organiserte omlag 1800 fiskarar – det vil seie kring tredjeparten av alle registrerte fiskarar i Sogn og Fjordane. I 1946 hadde fiskarlaget 68 lokallag med 2700 medlemmer, d.v.s. halvparten av fiskarane i fylket.
Sogn og Fjordane Brisling- og Småsildfiskarlag vart skipa som ei eiga avdeling under fylkesfiskarlaget i 1934.

Utdanning og velferd prioritert

Fylkesfiskarlaget la dei første åra stor vekt på fagutdanning av fiskarar, og fekk skipa til kurs i motorlære og navigasjon og handsaming av fisk. I fiskesesongane sytte fiskarlaget for leserom og andre sosiale tiltak i fiskeværa.
Sogn og Fjordane Fiskarlag reiste som det første i landet, krav om skiping av eit eige fiskeridepartement.
Eitt av dei viktigaste tiltaka som Sogn og Fjordane Fiskarlag fekk sett i verk, var skipinga av Sogn og Fjordane Fiskesalslag i 1946, som i ein periode dreiv eigne mottakanlegg fleire stader langs kysten.

Samvirketanken stod sterkt

blant fiskarane i etterkrigstida, og fiskarane dreiv frå 1947 til konkurs 1952 også eigen slipp med 80-90 tilsette for vedlikehald av fiskebåtar i Stongfjorden: Stongfjordanleggene A/S).
Laget var også ein sterk pådrivar for å få Staten til å overta Fiskarfagskulen i Florø i Florø i 1947, ein skule som vart starta i 1921 etter opptak frå fiskarhovdingen Magnus Nilsson Seim.
Fylkesfiskarlaget tok også initiativet til å skipe eit velferdshus i Lerwick på Shetland på slutten av 1950-talet. Det vart tilsett eigen velferdssekretær, og huset har sidan fungert som ei ”sjømannskyrkje” for norske fiskarar som dreiv linefiske etter pigghå, lange og brosme kring Shetland, Rock All, Hebridane og Orknøyane.

Eigne ”fiskarlister” ved vala

I etterkrigsåra vart det stilt det som på folkemunne vart kalla ”fiskarlister” ved kommune- og stortingsvala: Det offisielle namnet på ” fiskarlista” som vart stilt ved stortingsvalet i 1945 var ”Sogn og Fjordane fiskar- og småbrukarparti”, men nokon formell partiorganisasjonen stod ikkje bak. Lista var sterkt kystdominert og hadde lærar og fiskelagssekretær Ola Moldnes frå Florø på topp. På dei neste plassane fann ein lensmann Alf Rosenlund, lærar Søren Randal og fiskar Alfred Høvik frå Måløy. Denne ”fiskar- og kystlista” fekk god oppslutnad i kystkommunane, men låg likevel langt unna representantplass. Derimot gjorde ”fiskarlistene” svært gode val i fleire kystkommunar ved kommunevala i 1947 og 1951, og fekk inn mange representantar i kommmunestyra.


MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no