SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Landbrukshistoria i Sogn og Fjordane:

Sogn og Fjordane Bondelag

Fylkesstyremøte i bondelaget på Skei i 1955
Fylkesstyremøte i bondelaget på Skei i 1955
Forløparen til Norges Bondelag, Norsk Landsmannsforbund, vart skipa av jordbruksskulestyrar i 1896.

Publisert 20.01.2006 14:25. Oppdatert 05.02.2007 15:01.

I 1922, to år etter at Bondepartiet vart skipa, endra Landmannsforbundet namnet til Norges Bondelag.

Organisert i fogderi-krinsar

I 1910 vart det vedteke å organisere Norsk landmannsforbund sine lokallag i krinsar: I Sogn og Fjordane vart delt inn i fire kringar: Nordfjord, Sunnfjord, ytre Sogn og indre Sogn. Alle desse vart skipa i åra 1910 og 1911.
I nokre av desse laga vart det også skipa ”særforbund”. Eit av desse var Tobakksdyrkingslaget i indre Sogns krins ( - Les meir om tobakksdyrkinga i Tobakksdyrkinga i Luster).
Skiping av av lokale heste- og husdyravlsforeningar var viktige saker i dei første åra.

Krinslaga engasjerte seg i det meste i bygdesamfunnet: Vegbygging, jernbanesaka og Fylkesbaatane sine rutetabellar og fraktsatsar var gjengangarar på møta.
Og bondelaga spela sjølvsagt ein viktig, lokal rolle då Vestlandske Salslag vart skipa i 1920.
Dei veik heller ikkje unna for å engasjere seg direkte i rein partipolitikk: I 1918 vart t.d. krinsformannen i indre Sogn vald som laget sin utsending til Venstre sitt krinsmøte. Der skulle han krevje eit svar frå Venstre sin førstekandidat om denne godkjende Landmannsforbundet sitt program for landbruket. Då han ikkje svara, gjekk Landmannsforbundet ut med ei oppmoding til medlemmene sine om å røyste på Høgre sin stortingskandidat i staden!

Lite aktivitet i nedgangstidene

Då nedgangstidene sette inn frå 1919 og utover, låg mykje av lagsverksemda nede. Først då Norges Bondelag sentralt frå 1935 tok til å sende ut tilsynsmenn som heldt foredrag kringom i bygdene, fekk bøndene ny kveik, mange bondelag vart reorganiserte.
Under andre verdskrig låg alt organisasjonsliv i nasjonen nede – også i Norges Bondelag.
I 1946 vart Norges Bondelag reorganisert og fekk nye lover som m.a. kravde skiping av fylkesorganisasjonar.

Hans Supphellen, første fylkessekretæren i Sogn og Fjordane Bondelag.
Nils J. Helgheim

Fylkeslag skipa 1947

Sogn og Fjordane Bondelag vart skipa på eit møte i Førde den 3. mars 1947 med Nils J. Helgheim frå Jølster som første formann. Hans Supphellen var fylkessekretær frå starten i 1947 til 1972. På det meste – d.v.s. midt på 1950-talet – var i alt 42 lokale bondelag med 3214 medlemmer innmelde i Sogn og Fjordane Bondelag. Dei største laga fann ein då i Sogndal (320), Førde (220), Gloppen (210), Breim (198) og Naustdal (167).
I 1982 skipa Sogn og Fjordane Bondelag og Hordaland Bondelag og bøndene sine samvirkeorgansasjonar på Vestlandet eit samarbeidsråd som skulle samordne vestlandsbøndene sine felles interesser i dei nasjonale styringsorgana.

Sogn og Fjordane Bondelag har i dag fylkeskontor i Førde.
Fylkesleiar Tollef Årdal reiste 3. juni 1987 i spissen for 250 bønder til Oslo for å delta i bondeopptoget som samla i alt 14.000 bønder.


SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no