Kring 1900 organiserte bøndene seg i såkalla jordbrukslag i mange bygder.
Jordbrukslaga var lokale samvirketiltak som den første tida etter skipinga av Den Vestlandske Felleskjøpsforening (sjå artikkelen
Innkjøpssamyrket for jordbruket ) i 1901 fekk i oppdrag å stå som lokale innkjøpslag for maskinar, kunstgjødsel og andre produkt frå ”Felleskjøpet”.
Seinare endra oppgåvene seg til å organisere oppstalling av avlshingstar og å syte for fórvertar til avlsoksar og avlsverar.
Landbrukslaga stod korkje tilslutta bondelaga eller bonde- og småbrukarlaga, men var sjølvstendige organ som i 1955 talde 899 medlemer over heile fylket. På same vis som Bondelaget og Bonde- og Småbrukarlaget, kunne jordbrukslaga vere fullverdige medlemer i
Sogn og Fjordane Landbruksselskap , og hadde dermed same rettar som desse til å vere med på tildeling av statstilskot m.m. til jordbruket i fylket.
Jordbrukslaget hadde særskilt stor oppslutnad i Vik med 130 lokale medlemer. Andre bygdelag som hadde mange medlemmer i jordbrukslaga sine, var Holmedal (80), Hornindal (70) og Sørstranda i Gloppen (58). Eit anna jordbrukslag i Gloppen nytta framleis den gamle nemninga ”sokneselskap” i 1955: Gloppen Sokneselskap som tydelegvis organiserte bønder kring Vereide, og talde i alt 58 medlemer.