SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Landbrukshistoria i Sogn og Fjordane:

Storféavl i Sogn og Fjordane

Idéane om at ein gjennom import av nye dyrerasar og målretta avl kunne auke avdråtten på husdyrhaldet, tok til å få feste i norsk jordbruk midt på 1800-talet.
Føregangsmennene var opplyste embetsmenn og velståande godseigarar. Slik var det også i Sogn og Fjordane.

Publisert 20.01.2006 11:41. Oppdatert 27.02.2006 14:53.

Import av avlsdyr

Både for storfé- og småféhaldet vart løysinga den første tida å importere nye og foredla rasar frå utlandet og antan avle på dei som eigen rase, eller å blande dei med lokale férasar. Noko av det første Nordre Bergenhus amts landhusholdningsselskab gjorde etter skipinga i 1857, var å engasjere ein fjøsrøktar frå Sveits, G. Frich, som skulle arbeide som omreisande lærar i moderne fjøsstell i fylket. Sveitsiske fjøsrøktarar vart nytta som lærarar også andre stader i Noreg på den tida. Difor har profesjonen som fjøsrøktar ofte vorte kalla ”sveitsar” her i landet.

Sveitsaren fekk hyven

Men det skulle vise seg at interessa for ny kunnskap om fjøsdrift mildt sagt var laber mellom vanlege bønder i Sogn og Fjordane: Berre nokre få gardbrukarar i Aurland melde seg interesserte. Men opphaldet til G. Frich i Aurland vart kortvarig: Sveitsaren kom i klammeri med myndige budeier som slett ikkje ville la seg fortelje frå ein importert betrevitar korleis dei skulle stelle fjøs og ku! Dei fraus han kort og godt ut. Landhusholdningsselskabet gjorde deretter ein mislukka freistnad på å plassere Frich i Sogndal. Men det gjekk ikkje betre der. No hadde Frich fått nok og bad seg løyst frå kontrakten. Det vart han, og han reiste heim til Sveits.
Og Landhusholdningsselskabet kunne berre slå fast at
”Administrationen maa med Beklagelse erkjende, at Distriktet endnu ikke er modent for en saadan Foranstaltning som Schweitzeres Hidkaldelse”.

Vandrelærarar

Frå 1879 vart det gjennomført ei ordning med jordbruksskuleutdanna agronomar som omreisande lærarar i fjøsstell. Dei første åra var det fem slike vandrelærar på reise i fylket.
I åra frå 1905 til 1914 vart det med støtte frå Selskapet for Norges Vel skipa til budeieskule hjå gardbrukar Jens Engebø i Holmedal. Kursa var først på eit halvt år, seinare redusert til to månader, med seks elevar i kvart kull.
Frå 1946 vart det skipa til kortvarige fjøsrøktarkurs fleire stader i fylket. Fram til 1955 vart det gjenomført 100 slike kurs med i alt 1142 elevar. Noko av det bøndene fekk lære på desse kursa på 1950-talet, var korleis dei skulle bruke mjølkemaskinene, som var nye på den tida.

Fésjå og svelteforing

I Sogn og Fjordane som i landet elles, var det i eldre tider ei mengd lokale kurasar. Her fanst både Nordfjord-fé, Sunnfjord-fé, svart kollete Sunnfjord-fé, Sogne-fé og vestlandsk kystfé.
Det første dyresjået i Sogn og Fjordane vart halde på Faleide ved Stryn i 1859. Der vart det stilt 19 oksar, 77 kyr og 12 kviger. Seinare same året vart det halde storfésjå på Sande i Gaular og på Viksøyri.
Året etter ville ein av praktiske grunnar skipe til fésjå om våren, men det viste seg at dyra jamnt over var så sveltefora at dei ikkje kunne stillast. Dette var grunnen til at det i ettertida vart vanleg å halde dyresjåa om hausten når kyr og småfé kom velfødde ned frå fjellbeita.

Den første fylkesomfemnande storféutstillinga vart skipa til i Sogndal i 1874. Denne utstillinga var ei stormønstring av både hest, storfé og sau, og landbruksprodukt som smør, gamalost og geitost. Det vart også stilt ut og premiert jordbruksreiskap som plogar, horver, treskemaskiner, hakkemaskiner og andre jordbruksreiskap produsert av lokale produsentar.
Slike stormønstringar for heile fylket vart sidan ei årviss hending som veksla utstillingsstad mellom dei tre fogderia. Desse store jordbruksutstillingane vart etter kvart supplert med jord- og hageprodukt og husflid.
Frå 1899 til 1906 heldt statsutstillinga for storfé til i Gloppen. Sidan veksla Førde, Askvoll og ein vekslande stad i Sogn om å vere utstillingsplass.

Fjøssjå tilpassa gardkonene

I 1868 kom ordninga med fjøssjå, der omreisande fylkesagronomar kunne gje råd og rettleiing om foring, reinhald og innreiing av fjøsane. Det første fjøssjået vart halde i Hornindal. Fjøssjåa vart skipa til for ei bygd eller kommune, og omfatta heile besetninga på dei gardane som melde seg på. Dette skulle vise seg å verte eit meir kløktig knep enn fjøsrøktarar frå Sveits for å få innført meir moderne metodar for husdyrrøkt og betre avdrott: No vart god foring og reinsemd premiert med sølvsaker. Gode budeier fekk også premie, og det vart m.a. delt ut ekstrapremie for praktisk innreiing av uthusa og godt førde mjølkerekneskap.
Men det viktigaste av alt: Medan dei store fésjåa først og fremst var ei sak for mennene på garden, vart fjøssjåa ein stad der fylkesagronomane fekk møte dei som hadde det daglege ansvaret for fjøsstell og røkt – nemleg kvinnene på garden. Dermed vart ikkje dei nye idéeane om betre fjøsstell ”spilt vekk” på karar på kurs, men kom direkte fram til budeia i fjøset. Og gjorde ho arbeidet sitt bra, fekk ho ei sølvskei attpå til!
Ordninga med fjøssjå heldt seg heilt fram til 1910.

Avlsdyrimport ingen suksess

I 1861 vart det kjøpt inn ein fullrasa og ein halvblods okse av rasen ayrshire som vart sett i avl på stasjonar i Hornindal og Vik. I 1864 vart ein halvblods okse plassert i Jølster. Men interessa for ayrshire tapte seg fort, truleg fordi den storvaksne kurasen kravde meir fór enn det lokale féet. Ein av dei som arbeidde aktivt imot ayrshirerasen, var fylkeagronom Ellend Eide (sjå denne under ).
I staden satsa ein midt på 1870-talet på avlsstasjonar for gode oksar av lokale storférasar, særleg det vestlandske kystféet. I indre Sogn førte ein også inn avlsdyr frå telemarksrasen. Men det 19. hundreåret ebba likevel ut utan at det det hadde blitt skikkeleg fart i avlsarbeidet for storfé. Dei statsfinansierte avlsstasjonane for både telemarksfé og vestlandsfé i fylket vart lagde ned etter få års drift.
I 1889 løyde Stortinget tilskot til kjøp av stamdyr for storfé og småfé. Dette gav dei lokale avlslaga økonomi til å skaffe seg skikkelege avlsdyr. I 1894 freista dei med lokale marknader for sal av avlsdyr i Stryn, på Sandane og i Askvoll utan den store suksessen.
Same året vart det innført særskilde oksesjå og kåring av stamkyr kringom i bygdene.

Pengepremiar og sølvpokalar

I 1898 innførte Landbruksdirektøren såkalla utvalssjå eller bygdefésjå med pene pengepremiar og sølvpokalar for gode dyr, og springpengar for å bruke dei beste oksane. Halvparten av springpengane vart betalte av Staten. I 1901 vart denne ordninga for første gong prøvd ved fésjå i Vik, Holsen, og Oppstryn, og året etter i Lærdal, Jølster og Eid, men økonomien i ordninga var for usikker til at den vart nokon suksess i Sogn og Fjordane.
I staden valde Sogn og Fjordane Landbruksselskap å skipe til bygdefésjå der selskapet også bar utgiftene med pengepremiar; 10 kroner for 1. premie, åtte kroner for 2. premie og fem kroner for 3. premie.
Samstundes vart det vedteke at fylket skulle ta heile utgiftene til springpengar for bruk av premierete og godkjende avlsoksar.
Når fórvertane for avloksane dessutan fekk fortilskot frå Staten, vart det økonomi nok til at det på kort tid skipa oksehaldslag i mest alle bygder i Sogn og Fjordane.
Ordninga med såkalla springsetlar varde heilt til 1953, då også dei så kalla utvalssjåa vart avvikla.
Tidleg på 1900-talet starta arbeidet med stambokføring av dei beste avlsdyra, men det tok lang tid før arbeidet viste att: Først i 1928 kom det ut ei stambok for alle oksar av Vestlandsk fjordfé i Sogn og Fjordane. Der var arvelinene til alle stamoksar heilt tilbake til kring 1890 kartlagde.
I 1955 vart det også innført avkomstgransking av oksar.

Fjøskontrollen

Eit grunnleggjande tiltak for betre fjøsstell og storféavl har vore fjøskontrollen. Fjøskontrollen vart, som nemnt ovanfor, innført i Noreg i 1898 med dei såkalla fjøssjåa der bøndene fekk råd og rettleiing om rett fóring og avl. Med fjøskontrollen skulle det førast nøye rekneskap med fórmengde og avdrott for kvar ku.
Det var omreisande fjøskontrollørar som gjorde arbeidet med veging og måling av feittinnhald i mjølka for kvar ku tre gonger årleg. Fjøskontrollørane i fylket vart frå 1923 utdanna på Mo jordbruksskule i Førde. Seinare fekk også bonden sjølv plikt til å vege og ta mjølkeprøvar ni gonger årleg i tillegg.
Då dei store sentralmeieria avløyste bygdemeieria etter 2. verdskrig, overtok meieria ansvaret for å administrere fjøskontrollen frå dei lokale fjøskontrollaga.

Kyr i Hilde Fellesfjøs i Innvik

NRF - norsk raudt fe

NRF er i dag den heilt dominerande kurasen for kjøt- og mjølkeproduksjon i Noreg.
Arbeidet med å avle fram ei norsk ”superku” starta på 1930-talet. NRF-rasen er basert på hedemarksféet, men innkryssingar av både sør- og vestlandsfé, dølafé, telemarksfé, rødt trønderfé, sidan trønderfé, østlands raudkollefé, nordlandsfé og målselvfé. Også fleire utanlandske férasar er blanda inn, særleg ayrshirefé (som ein gjorde importforsøk med m.a. til Sogn og Fjordane på 1860-talet – sjå ovanfor) og svensk raud og kvit-buskap (SRB).
På 1970-talet kom det også inn gener frå holstein-frisisk fé. Denne blandinga gjer at NRF-dyr kan vere både svarte, svart-kvite, heilt raude eller raud-kvite.
Oksestasjonane (seminstasjonane) for NRF ligg på Stange og ved Trondheim. 95 prosent av all storféavl i Noreg vert i dag gjort med NRF-sæd.
På 1990-talet vart det sett i gang eit meir målmedvete arbeid for å sikre at det som framleis fanst att av dei opphavelge, lokale kurasane ikkje vart tekne vare på.

MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no