vart skipa 1. april 1899 på eit møte i Florø.
Haakon Aasvejen og
Elias Melvær stod sentralt i skipinga av laget.
|
Elias Melvær. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane |
Elias Melvær vart vald til første formann. Laget sitt arbeidsfelt var kommunane i Nordfjord og Sunnfjord, og omlag 100 personar stod direkte innmelde i laget dei første åra.
I samarbeid med lokale ungdomslag skipa Firda Mållag mellom anna til talarferder for sentrale folk frå den nasjonale målrørsla. Laget dreiv også kveldsskular og årlege ”målmarknader" kringom i bygdene. Fleire lag bygde opp nynorske barneboksamlingar for utlån, og medlemmene var flittige seljarar av ”Norsk barneblad” og andre nynorske hefte som var i omløp. Andre reiste som bokseljarar kring om i bygdene.
Lokale mållag
Etter kvart vart det skipa ei mengd lokale mållag innanfor Firda Mållag sitt distrikt, Medlemmene vart no tilmelde direkte til lokallaga. Firda Mållag fekk no rollen som overbygging og regionlag innanfor Noregs Mållag.
Det første lokale mållaget var ”Målringen” i Eikefjord i Sunnfjord i 1904. Dei fylgjande åra kom det lokallag i Oppstryn, Gloppen, Naustdal, Viksdalen og Jølster - det siste fekk frå starten 100 medlemmer.
Kvass målstrid i Måløy
Ei av dei sentrale kampsakene forutan innføring av nynorsk i skule og kommunestyring, var striden kring dei såkalla ”Blix-salmane” i gudstenesta. Den hardaste striden kring innføring av nynorsk undervisningsmål i folkeskulen kom i Måløy, eit blømande fiskeri- og handelssenter tidleg på 1900-talet: Etter hard strid vann riksmålsfolket fram med kravet om å innføre riksmål på ny, både som undervisningsmål i folkeskulen og som administrasjonsmål i Sør-Vågsøy kommune. For å hindre vidare spreiing av ”riksmålsbylgja” frå Måløy, fekk Firda Mållag i ein fei skipa lokale mållag både i Sør-Vågsøy, Nord-Vågsøy og Selje.
|
Firda Gymnas. Foto: NRK |
Medskipar av Firda Gymnas
På eit årsmøte i Florø i 1920 tok Firda Mållag opptaket til
Firda Gymnas, som vart opna på Sandane i 1922. Det var ei nemnd med medlemmer frå Firda Mållag,
Firda Ungdomslag og Sunnfjord Ungdomslag som førebudde søknaden om skiping av gymnaset på Sandane. Stortingsmann
Elias FaleideElias Faleide og seinare stortingsmann
Anders A. Lothe vart valde inn i styringsgruppa frå Firda Mållag. Særleg Anders Lothe spela ein sentral rolle i skipinga av gymnaset på Sandane.
Firda Gymnas vart eitt av dei første ”nynorske” gymnasa i landet, og starta som 3-årig gymnas med ei latinline og realline. Gymnaset fekk eige skulebygg i 1923.