Den første organisasjonen som tok seg av fagpolitiske saker i Sogn og Fjordane, var Florø Arbeiderlag (sjå
Lag og organisasjonar i Flora), skipa 1897. Den første ”reine” fagforeninga i Sogn og Fjordane vart skipa ved Vadheim Elektrokjemiske Fabrikker i 1908.
|
1. mai-feiring i Stongfjorden i 1907. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune |
Men retteleg tyngde fekk ikkje fagrørsla i fylket før anleggsarbeida i Høyanger starta i 1916, og dei første, radikale fagforeningane vart skipa der same året. – Les meir om dette under Høyanger kommune.
LO skipa eige kontor i Sogn og Fjordane i 1976. Sidan 1958 hadde fylket hatt distriktskontor i samarbeid med Bergen og Hordaland.
|
Arvid Langeland. Foto: NRK. |
John Bjarne Hjelmelandvar distriktssekretær ved LO-kontoret i Førde frå starten i 1976 til 2004, då
Bente Nesse overtok. Då Nesse vart tilsett som personalsjef ved Havyard Leirvik i 2005, overtok Arvid Langeland som LO-sekretær i Sogn og Fjordane. Han hadde då i mange år vore distriktssekretær i Fellesforbundet.