NS nådde høgdepunktet i 1943 med 43000 vaksne medlemmer.
NS stod svakt i Sogn og Fjordane
Totalt vart det registrert berre 396 medlemer i Nasjonal Samling i Sogn og Fjordane under krigen – d.v.s. berre 0,54 % av folketalet. I landsgjennonsnitt var 1,66 prosent av nordmennene medlemmer av NS. Sogn og Fjordane var dermed eitt av dei fylka i landet der nazi-partiet stod svakast. Særleg kystkommunane hadde svært få NS-medlemmer.
Av kommunane i Sogn og Fjordane hadde Vik kommune det høgste talet NS-medlemer under krigen: 43 medlemmer, dernest kom Kyrkjebø(Høyanger) og Årdal med 30 kvar.
Men sjølv om Vik kommune toppa lokalt, låg kommunen likevel langt under landsgjennomsnittet, med 1,32 %.
Kven vart NS-medlemmer?
Medlemslister som vart kverrsette i 1945, viser at det kom påfallande mange NS-medlemmer frå nokre få familiar i einskilde bygder. Dette kan tyde på at ein eller fleire overtydde NS-folk dreiv effektiv medlemsverving i eigen familiekrins. Andre særdrag ved desse medlemslistene er at mange hadde framande familienamn og truleg var tilflytte til bygdene i fylket. Ei anna stor medlemsgruppe var unge kvinner som truleg hadde samband med tyskarane i krigsåra.
Mislukka stortingsval
I Sogn og Fjordane stilte Nasjonal Samling eiga liste ved Stortingsvalet i 1936, med ingeniør Ole E. Rømcke frå Høyanger og fiskar ........... Ødejord frå Solund på dei to første plassane. Partiet fekk berre 129 røyster i fylket (0,2 prosent av røystene), og ingen representantar på Stortinget. NS stilte aldri liste ved kommuneval i Sogn og Fjordane. I 1936 heldt seinare ”propagandaminister”
Gulbrand Lunde agitasjonsmøte i Høyanger.
Eigen fylkesførar i Høyanger
I 1940 var NS i Sogn og Fjordane underlagt fylkesorganisasjon nr. 12, leia av fylkesførar Christian Astrup i Bergen. Han var frå Våler i Solør, og fekk i oppgåve å organisere partiapparatet på Vestlandet. Sogn og Fjordane var delt i to krinsar: Firda krins for Nordfjord og Sunnfjord, og Sogn krins. I Sogn krins var det registrert 188 medlemer (0,63 % av folketalet), i Sunnfjord 90 (0,40 %) og i Nordfjord 118 (0,55 %).
Frå 1943 fekk NS eiga fylkesleiing for Sogn og Fjordane, plassert i Høyanger, med Anders Brokstad som fylkesførar.
Den forhatte Hirden til NS rekrutterte nokre av sine mest aktive medlemmer mellom ungdomen i Høyanger, og uvanleg mange av desse vart frontkjemparar.
Postmeister Johan Arntzen i Høyanger vart NS-ordførar i heimekommunen Kyrkjebø og seinare også NS-ordførar i fylkestinget.