Jøtulstaven i Oppstryn er ei av mange segner frå Stryn.
På garden Guddal i Oppstryn står det ein bautastein som det knyter seg ei segn til.
På garden Nedreberg stod det i gamal tid ein trekross til minne om ei hending som det går segner om.
Om Jens Johansson Skrede som levde på garden Skrede ved Hopland på 1500-talet, går det mange segner.
På garden Dokset ved Blakset lever ei utriveleg segn om at det i eldre tider fanst ei jarnklubbe på garden som ein nytta til å slå i hel gamle folk med.
Sytte meir for øksa enn mannen
Ein gong i tida drukna ein fattig husmann frå Moldreim då han skulle på vedhogst utmed stranda. Då kona fekk syrgjebodet, skulle ho ha spurt: ”Ho fór vel - øksa óg?”
Ei gamal segn vil ha det til at ei fin, skotsk frue slo seg til på Tvinnereim.
Glopparane hadde sommarbeite ved Randabygda
I gamle dagar leigde gardbrukar frå Gloppestad i Gloppen og Muri i Olden sommarbeite for buskapen sin i Randadalen og Klebergdalen på nordsida av Nordfjord. Buferda frå Gloppen gjekk med robåt over fjorden frå Nautevika ved Moldreim. Det vert fortalt at glopparane slutta med denne beitinga og båttransporten som fylgde med då båten med krøter ombord ein gong forliste på fjorden.
Kvifor fjellet heiter Ceciliekruna
På sørsida av Oldedalen kneisar det 1717 meter høge fjellet Ceciliekruna. Opphaveleg heitte fjellet Lidanibba, men på 1770-talet stod Cecilie Ingebrigtsdotter Beinnes krunebrur nede i bygda. Same året var ho den første kvinna som gjekk til topps på fjellet, og etter denne hendinga vart fjellet heitande Ceciliekruna.
I gamle dagar var det vanleg at fattige kvinner gjorde seg næring av å vere ammer for borna til rikfolket både i bygd og by.
På garden Løken i Olden stod det fram til 1899 ei gamal bud som vart nytta som tingstove i gamle dagar.
Hoplendingane drap futen
Ei segn vil ha det til at folk frå Hopland ein gong drap ein forhatt fut og gøymde liket i Storura like vest for Moldreimneset. Sidan spøkte det i Storura. Særleg ille var det når det var vérskifte: Då hylte og gaula det frå ura!