Eide-gardane ligg midt i den vide Strynedalen mellom fjorden og vatnet, og var den største garden i bygda i mellomalderen.
Steinen som vart funne på Kyrkjeeide i 1886 (sjå
Fornfunn i Stryn) vitnar om at hovdingar har budd på garden også i norrøn tid.
Tett kontakt med Bergen
På Kyrkjeeide har det vore kyrkje sidan 1200-talet, og det eineståande vakre altarfrontalet frå 1310 som no er ein av dei sentrale kyrkjeskattane på Bergen Museum, vitnar om at storfolket på Eide har hatt tett kontakt med Bergen.
Adelsætt
På 1200- og 1300-talet budde det ei adelsætt på Eide. Gudleik Vilhjalmson er nemnd som stallare (øvste embetsmann i hirden og kongens talsmann på tinget) hjå kong Eirik 2. Magnusson sist på 1200-talet.
Steinborg på Eide?
Segna vil ha det til at storfolket på Eide budde i ei steinborg. Når porten vart opna, skreik det i hengslene slik at ein høyrde det heilt ut til Bergside-gardane! Adelsmennene hadde kai for skipa sine ned ved fjorden.
Slo i hel fut?
Stadnamnet Herreteigen vitnar om adelsfolk, og Gildevangane skal etter segna vitne om at det vart halde store gjestebod på Eide i adelsætta si tid. På Gildevangane skal bygdefolket etter segna ha slege i hel ein mislikt fut som hadde rømt oppover dalen frå forfylgjarane sine. Han freista å berge seg inn på freda grunn i kyrkja på Kyrkjeeide, men nådde ikkje fram før mobben slo han i hel.
Omskriving av historie
Historikaren Jakob Åland stiller spørsmål om denne segna er ei omskriving av historia om kong Sverre sine sysselmenn Th. Darre og Einar Lygre, som vart drepne av folket til baglarbispen
Nikolaus Arnesson i Aldafjord – d.e. indre Nordfjord.
Også på 1500-talet budde det ei velståande ætt på Ytre-Eide. Dei stamma frå Anders Torkildson, som fekk hand om store jordeeigedomar i Nordfjord, truleg ved inngifte i den rike Augustinus-ætta frå Gloppen.