SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Bondevenforeningane

Søren Jaabæk  sto i spissen for Bondevenrørsla.
Søren Jaabæk sto i spissen for Bondevenrørsla.
Gardbrukar, lærar og stortingsmann Søren Pedersen Jaabæk (1814–1894) frå Holum i Vest-Agder sto i spissen for Bondevenrørsla som hadde ei kort blomstringstid på 1860- og 1870-talet.

Publisert 06.09.2004 10:32.
Både på Stortinget, i fylkestinga og i kommunepolitikken markerte rørsla seg først og fremst som eit opprør mot det gamle embetsmannsstyret, og med ein tildels ekstrem sparepolitikk. På Stortinget fekk Jaabæk tilnamnet «Nei-bæk» fordi han konsekvent røysta imot dei fleste statsløyvingar. Bondevenrørsla arbeidde også for utvida røysterett.

Fleire hundre lokallag

Etter at Søren Jaabæk grunnla rørsla i 1865, breidde organisasjonen seg raskt over det meste av landet og fekk lokalforeningar i dei fleste kommunane. Rørsla fekk på kort tid 30.000 medlemer og 300 lokallag over heile landet. Lagsbladet heitte «Folketidende».

I Sogn og Fjordane har organisasjonen truleg hatt opp mot 3000 medlemer og minst 31 lokalforeningar. Eit fleirtal av stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane var i desse åra aktive i bondevensrørsla.

Ville skjere ned

I Sogn og Fjordane fekk sparepolitikken dei mest synberre utslaga i bondevenene sin kamp for å få lagt ned jordbruksskulen på Mo i Førde, og arbeidet for å få selt eller avvikla det fylkeseigde rutebåtselskapet Nordre Bergenhus Amts Dampskibsselskap – Fylkesbaatane.

Vart ordførarar

Ved kommunevala på 1860- og 1870-talet tok bondevener ordførarklubbene i dei fleste kommunane i fylket. To av dei mest kjende bondevenene i Sogn og Fjordane var bonde og stortingsmann Torstein Guttormsen Fretheim frå Aurland, og ordførar Sivert J. Berge i Selje som i 1874 ivra sterkt for at Selje kommnune skulle gå tilbake til den gamle omgangsskuleordninga fordi den ville verte rimelegare enn fastskuleordninga som var innført!

Den mest ihuga medlemsvervaren var nok bonde Søren R. Nydal frå Holsen i Førde, som fekk med 625 medlemer i dei fire bondevensforeningane som han sjølv var formann for i Førde prestegjeld!

Oversyn over foreiningane

Her er eit oversyn over registrerte bondevensforeningar i Sogn og Fjordane i 1871 (Kjelder: Bondevenene sitt lagsblad «Folketidende»/andre kjelder/Fylkesarkivet):

Aurland 62 medlemer - formann Torstein Guttormsen Fretheim
Årdal 16 medlemer - formann L. Holsæter
Sogndal 32 medlemer
Fjærland 25 medlemer
Balestrand
Vik i Sogn 84 medlemer - formann E. Andersen
Brekke 61 medlemer - formann I.H. Brække
Kyrkjebø 49 medlemer - formann A. Haaland
Lavik
Jølster 69 medlemer - formann A.R. Møklebust
Førde 327 medlemer - formann Søren R. Nydal
Naustdal 185 medlemer - formann Søren R. Nydal
Haukedalen 62 medlemer - formann Søren R. Nydal
Holsen 51 medlemer - formann Søren R. Nydal
Viksdalen 43 medlemer - formann L. R. Aarnes
Indre Holmedal 313 medlemer - formann Johan J. Skagen
Dale 50 medlemer - formann Ola M. Bakke
Holmedal 90 medlemer - formann Ola M. Bakke
Hafslo 23 medlemer - formann Søren M. Bugge
Askvoll 156 medlemer - formann J. Ask
Kinn
Svanøy 62 medlemer
Vevring 110 medlemer - formann N.H. Braastad
Davik 216 medlemer - formann O. A. Hauge
Eid og Stårheim 142 medlemer - formann Viinberg
Hornindal 91 medlemer - formann H. Holmø
Nedstryn 50 medlemer - formann Arne O. Tonning
Oppstryn 95 medlemer - formann I. Flo
Olden
Innvik 48 medlemer
Breim 75 medlemer - formann L. R. Gaasemyr
Gloppen 150 medlemer

MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no