Jakob Andreas Lindeman (1805-1846) fødd i Trondheim, busett i Davik. Prest, skulestyrar og komponist.
Cand. theol. 1832. Arbeidde i fleire år som lærar i Oslo, og var samstundes organist i Vor Frelsers kirke 1826-1839. I denne tida komponerte han og gav ut fleire orgelstykke, og ei koralbok for instrumentet salmodikon, som vart nytta i barneskulane. Res. kap. i Leikanger i Sogn 1840-1844.
Sokneprest i Davik frå 1844 til 1846, då han døydde av slag under ei gudsteneste i Ålfot-kyrkja. Starta tida i Leikanger ein privatskule for vaksne døtre av embets- og borgarskap, og dreiv denne saman med ektemaken Marie Cathrine Aastrup. Skipa tilsvarande skule på Davik då han flytta dit. Skulen gav opplæring i husstell, matstell og musikk.
Etterfylgjaren som sokneprest i Davik,
Christian Meyer, dreiv jenteskulen vidare ei tid etter at Lindeman døydde. Då Marie Cathrine Aastrup vart enkje, flytta ho til Oslo og vart styrar for jenteheimen Euginia Stiftelse.
Jakob Andreas Lindeman var bror til den kjende salmediktaren Ludvig Mathias Lindeman (1812–1887).