SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Bremanger:

Futar og diktarprestar på Davik


Publisert 25.03.2004 14:21. Oppdatert 07.02.2006 11:32.

Futen budde på Davik

Frå 1609 til 1692 budde futen i Nordfjord på garden Ytre-Davik i Davik. Dette skjedde m.a. fordi ein meinte den tidlegare futegarden på Eide i Gloppen låg slik til at fjordisen hindra futen i å reise om vinteren. Dessutan var beste skogen på Eide-garden på denne tida hoggen ut, og dette hadde gjort garden mindre verd. – Les meir om futetida på gardane Eide og Evebøfoss under Gloppen kommune - Høvding- og futegarden Eide.
Davik låg ikkje berre vest for isproblema, men låg samstundes langt meir sentralt i futedømet enn Gloppen.
På 1500-talet budde Nordfjord-futen også i bolkar på garden Maurstad på nordsida av fjorden – sjå Vågsøy kommune - Nordfjord-futen budde på Maurstad.

Futane som budde på Davik var:

Nils Findson 1609-1614.

Christen Søfrenson Wittrup 1615-1616. Huslyden hans budde i denne tida på Evebø.

Jakob Andersson Foss 1617-1623. Han vart seinare supendert, dømd for svik og avretta på Bergenhus festning.

Peder Jørgenson 1624-1632. Han flytta deretter til ein gard som han eigde i Loen.

Morits Jensson 1633-1639. Han flytta seinare til ein gard som han eigde på Rygg i Gloppen, og garden har sidan vorte kalla "Moritsgård".

Niels Harboe 1640-1641. Han vart deretter fut i Sunnfjord.

Peder Lauritsson Horsens 1642-1649. Han budde også ei tid på garden Maurstad på Bryggja, og vart seinare skrivar i Sunnfjord.

Jens Pedersson Randulf 1660-1661. Han vart sidan fut i Gauldal.

Jørgen Post 1662-1673. Han flytta seinare til ein gard som han eigde i Loen.

Hans Blix 1674-1682 (han var slektning av ein fut med same namn i Sogn - Hans Blix).

Mads Bjørnschou 1683-1692. Han vart suspendert, og budde sidan i Hessevik på Bryggja eit tid før han flytta til Bergen og starta som sakførar (prokurator).

Futegarden vart prestegard

Etter at fute-tida var over, vart heile Ytre-Davik nytta som prestegard fram til 1740, då det vestlege Davik sokn vart skilt ut frå Eid som eige prestegjeld. Då vart ein del av Ytre-Davik skilt ut som eigen prestegard, og resten delt på andre brukarar.
På Davik prestegard vart det i 1741 sett opp etter måten stort bustadhus for den nye presten. Her var det plass til både storstove, "herrekammer", daglegstove og "studiekammer", utstyrte med kakkelomnar og store vindauge.

Stasgarden Frimannslund

På 1690-talet vart res. kapellan i Eid, Claus Frimann d.e., eigar av ein del av Ytre-Davik som vart kalla Haugen. Denne garden var det diktarpresten Claus Frimann (1746-1829) fekk hand om gjennom arv etter mora i 1785. Han bygde eit staseleg herskapshus på to etasjar og med halvvalma tak på høgda over sjøen. Claus Frimann anla ein flott hage med vegar, og planta trealléar og frukttre. Nede ved fjorden bygde han ei bryggje.

Eigedomen kalla han 1821 for "Frimannslund", og garden vart i åra som fylgde ein samlingsstad for overklassen i Nordfjord med den festglade diktarpresten som vert for store festar.

Claus Frimann planta også ein eigen "diktarlund" av furetre like ved kyrkja på Davik.

I tillegg til prestegjerninga, var Claus Frimann ein dyktig forretningsmann som dreiv stort med eigne jekter, sildebruk og salteri.

Huset flytta til Stryn

Då Claus Frimann døydde i 1829, tok sonen Peter Harboe Frimann (1784-1845) over på Frimannslund. Men då han døydde i 1845, vart garden seld på auksjon. Det var den rike jordeigaren Ole Vik i Stryn som fekk tilslaget. Han reiv det staselege herskapshuset på Frimannslund og flytta det til Vik i Stryn, der det framleis står i dag.


MEIR OM BREMANGER 
Bremanger kommune

 
Aviser og media i Bremanger
Historia i Bremanger
Industri og næring i Bremanger
Kjende personar i Bremanger
Kommunehistoria i Bremanger
Krigshistoria i Bremanger
Kyrkjer i Bremanger
Samferdsle i Bremanger
Skular i Bremanger
Verd å sjå i Bremanger

 
Video frå Bremanger
Lyd frå Bremanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no