|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Balestrand: Keisar Wilhelm II og 1. verdskrig | Keisar Wilhelm II reiste frå Balestrand 25. juli 1914. |
Den 28. juni 1914 fall skota i Sarajevo som utløyste 1. verdskrig, og keisar Franz Josef av Austerrike erklærte krig mot Serbia. Publisert 15.01.2004 14:17. Men sjølv om krigsklokkene lydde over Europa, la likevel keisar Wilhelm II ut på ferie til Noreg 6. juli.
| Keisaren flykta til Nederland då Tyskland tapte krigen. |
Den 25. juli var keisaren gjest hos kunstprofessor Keisar Wilhelm II og Balestrand i Balestrand då han tok imot telegrammet om at krigen var broten ut. Keisaren og det store fylgjet hans reiste i all hast tilbake til Tyskland.
Måtte gå avI heimlandet hadde keisaren mange uvener, og vart i røynda fråteken all politisk makt i krigsåra.
Då det gjekk mot krigsnederlag for Tyskland, Austerrike-Ungarn og Tyrkia i november 1918 vart keisar Wilhelm II ved revolusjon tvinga til å gå av. Han flykta til Nederland, og Tyskland vart republikk.
| "Keiser Wilhelm sad i denne stol..." Denne stolplata er i dag å finne på Kvikne's hotell, og skal vere stolen keisaren sat i då han sa farvel til venen Hans Dahl (sjå nedanfor). |
INNSKRIFTA PÅ STOLEN OVANFOR: Keiser Wilhelm sad i denne stol Lørdag den 25 juli 1914 om Eftermiddagen Kl 5 til 5 1/2, da han med Følge var hos Professor Hans Dahl paa ''Strandheim'', Balestrand i Sogn, for at sige Farvel. Han drog kl 6 med ''Hohenzollern'' til Kiel, da Krigen havde at bryde ud mellem Østerrig og Serbien. Ultimatumet løb ud Kl 6. Im gefolge var Graf von Wedel, Fr. v. Dohne, Generalarzt v. Seberg, Oberstleutnant von Hahnke, Adjutant von Palenke. |
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|