SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Eid:

Den mystiske steinkrossen på Midthjell

Fram til 1831 stod det ein merkeleg steinkross i fjæra ved eit berg mellom Lefdalsbygda og Midthjell - dei to vestlegaste grendene i Eid kommune.

Publisert 05.01.2004 12:50. Oppdatert 28.01.2004 11:51.
Krossen stod ute i vatnet slik at den var overflødd ved full flo. Den var 1,26 meter høg og 89 cm brei over armane. Staden der den stod kallast framleis Krosstranda.

Flytta til Bergen

I 1831 vart krossen etter ordre frå den historieinteresserte biskop Jakob Neumann flytta til det som då heitte Bergens Museum. Mannen som skipa Bergens Museum, Wilhelm Frimann Koren Christie, fekk med bispen i det første styret, og Neumann sørgde m.a. med sin kyrkjeautoritet føre at mellomalderkunst og -utstyr som låg lagra kringom i kyrkjene på Vestlandet vart sendt til det nye muséet i Bergen. Difor har muséet den rikaste samling av kyrkjekunst frå mellomalderen i Nord-Europa.

Registrerte historiske stader

Men Neumann reiste også mykje i bispedømet og gjorde ei mengd oppteikningar om fornminne og historiske byggverk. Eitt av dei som han omtala var restane etter borga til Audun Hugleikson på Ålhus i Jølster. Gamle runesteinar frå Sogndal (Eggjasteinen) og ein runestein frå Dale i Sunnfjord er hamna på muséet i Bergen etter Neumanns innsats - steinkrossen frå Midthjell likeså.

Stod på bønestad

Historikaren Jakob Åland refererer til ei segn som fortel at steinkrosssen opphaveleg stod på ein bønestad inne på land, men vart flytta over fjorden til Davik av ein fut.
Her spøkte det kring krossen, og det enda med at den vart flytt nord om fjorden att. Men i staden for å setje den på plass på land, velta arbeidsfolket steinen i sjøen.

Sjømerke

Eit par andre forklaringar kan vere meir truande: At krossen vart sett opp til minne om nokon som kom vekk på sjøen - eller at den var eit sjømerke.

Steinkrossar frå vikingtid og tidleg kristen tid finst i Sogn og Fjordane i Eivindvik i Gulen, ved Korssund i Fjaler, på Svanøy, på Ryggøyra i Gloppen og ved Vereide kyrkje.

I 1995 vart det reist ein kopi av den grovt tilhogne krossen i Krosstranda - men kopien er no flytta opp på ein rasteplass ved riksvegen.

MEIR OM EID 
Eid kommune

 
Aviser og media i Eid
Historia i Eid
Industri og næring i Eid
Kjende personar i Eid
Kommunehistoria i Eid
Krigshistoria i Eid
Kyrkjer i Eid
Samferdsle i Eid
Skular i Eid
Verd å sjå i Eid

 
Video frå Eid
Lyd frå Eid
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no