Indre Breim Idrettslag vart skipa i 1911. På 1950-talet bygde IBIL idrettsbane på Byrkjelo, og stod årleg som arrangør av nasjonale friidrettsstemne utover 1960- og 1970-talet.
Stadion vart utbygd med kunststoffdekke i 1981 og laget starta same året dei internasjonale toppidrettsstemna "Byrkjelo Games", der mange OL- og verdsmeistrar deltok.
Gunnar Hole var ei drivande kraft i desse arrangementa som gjekk kvart år fram til 1988. Då arrangerte IBIL senior-NM i friidrett. Byrkjelo Games vart teke opp att i 1992 og gjekk årvisst fram til og med 1998.
Noregsmeisterskap
I 1999 var idrettsbana på Byrkjelo arena for eit nytt senior-NM i friidrett, og bana har elles vorte brukt til fleire junior-NM og veteran-NM. Frå 1990 til 1999 vart Breim Stadion nytta til dei store friidrettsamlingane Norsk Idrettsveke, der primus motor var
Magnus Willumsen i GFIL (sjå
Idretten i Gloppen. På desse samlingane kunne det delta opptil 340 friidrettstalent frå heile landet. Det var 70 instruktørar i sving for 35 ulike idrettsdisiplinar.
IBIL vart slege saman med Breim Idrettslag til Breimsbygda Idrettslag i 1989.
Alpinanlegg på Utvikfjellet
I 1963 bygde IBIL i samarbeid med Utvik Idrettslag eitt av dei første alpinanelgga i fylket på Utvikfjellet. Alpinbakken var 600 meter lang. I 2005 vart anlegget utvida for 8,8 millionar kroner med m.a. eit nytt skitrekk og bakke med lysanlegg på 900 meter. Anlegget heiter Breimsbygda Skisenter.