SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Kjende personar i Hornindal fødde før år 1900

Omtalane er ordna etter fødselsår:

Publisert 16.12.2003 10:56. Oppdatert 02.02.2007 10:42.
Sjå også:
· Folkemusikarar frå Hornindal

Kalv av Hornin

budde på Ytrehorn på 1200-talet. Han tok parti med baglarbispen Nikolas Arnesson frå Stårheim i striden mot kong Sverre Sigurdsson og birkebeinarane.

Ole Pedersen Indre-Svor

(1719-1765). Bonde, dikta to salmar som vart trykte i Aarflots Bogtrykkerie i Volda.

Peder Eriksson Ottherdahl

(1780-1859) frå Otterdal. Bonde og politikar. Bonde, børsesmed og politikar. Deltok i slaget ved Berby under krigen 1807-1814. Vararepresentant til Stortinget 1833 og 1836.

Lars Eriksson Brendefur

Lars Eriksson Brendefur

(1782-1878)Spelemann. Ein av dei første kjende spelemennene frå Hornindal.

Lise Jyvall

( f. 1791 - ) frå Maurset. Spelekvinne –sjå Marte Olsdotter Støverstein.

Synneve Seljeset

(1791 - ) frå Hornindal. Spelekvinne – sjå Marte Olsdotter Støverstein.

Hans Erikson Brendefur

(1793-1875) frå Brendefur. Husmann og folkemusikar. Han hadde plass under Haugen, og dreiv som sauegjetar om somrane. Hans vart særleg kjend som lurspelar, og det er teke vare på nokre låtar i tradisjon etter Hans Brendefur. Bror til Lars Eriksen Brendefur (sjå ovanfor).

Marte Olsdotter Støverstein

(1797-) frå indre Hornindal. Bondekone og spelekvinne.

Samuline Seljeset

(1804 - ) frå Hornindal. Spelekvinne – sjå Marte Olsdotter Støverstein.

Lars Kroken

(1807-1889)– Kroka-Lars – var kjend spelemann. Busett som bygslemann på Taraldset. Han gjekk i lære hjå omstreifaren "Blinde-Rasmus", og reiste som spelemann både i Nordfjord og på Sunnmøre. Han komponerte ei mengd slåttar som seinare er skrivne ned av andre.

Magne Maurset

Magne Maurset

(1824-1916) frå Markane. Spelemann og slåttekomponist. Han var kjend som meisterspelemannen i Nordfjord i si tid.






Knut R. Kirkhorn.

Knut R. Kirkhorn

(1830-1885), bonde, lærar og politikar. Stortingsrepresentant i fleire periodar på slutten av 1800-talet. Var også ordførar i Hornindal.

Ola P. Lødemel

(1837-1930) frå Lødemel. Gardbrukar og postførar. Han vart kalla "Post-Ola", og førte posten i 42 år på ruta Faleide-Hornindal-Hellesylt. Det er hevda at han tilsaman gjekk og køyrde 280.000 kilometer på denne ruta. Tildelt Kongens fortenestemedalje då han slutta i 1912.

Jakob Andreas Andersen Kirkhorn

(1841–1908) frå Hornindal, busett i Hornindal og Molde. Fotograf.

Ola M. O. Raftevoll

(1844-1942). Grunnleggjar av Raftevolds Hotel. Dreiv også landhandel og skysstasjon på Grodåssanden.

Fredrik Riis von Krogh

Fredrik Riis von Krogh

f. 1855, sokneprest i Hornindal 1886-1895. Var sterkt kritisk til Haakon Aasvejen og Johannes Aashamar, og deira ”frilynde” friskule på 1890-talet. Sjå også: Skular i Hornindal.

Ole N. Lødøen

(1861-1931). Utdanna lærar. Utvikla ein gangetabell på rim som han sette tone til, og eineståande visuelle læremiddel for skulen.

Elling Seljeset d.e.

(1861-1951). Samla og tok vare på den gamle kvedartradisjonen i Hornindal. Mykje av dette materialet vart på 1930-talet sikra for ettertida med opptak av Elling Seljeset sin song.

Ola R. Svor

(1862–1950) frå Hornindal. Bonde og politikar.

Johannes Aashamar

(1862-1937), frå Nordfjordeid. Utdanna m.a. på Landbrukshøgskulen på Ås. Dreiv saman med Haakon Aasvejen Friskulen i Hornindal.

Haakon Aasvejen

(1862-1919), fødd i Hegra i Trøndelag. Utdanna lærar. Dreiv saman med Johannes Aashamar Friskulen i Hornindal og Hornindal Folkehøgskule.

Anders Svor

(1864-1929). Bilethoggar, og ein av dei mest framståande kunstnarar frå Sogn og Fjordane.

Lars Tomasgård

(1865–1946), kjend spelemann. Gjekk m.a. i lære hos kjende spelemenn som Jon Bolstad og Ivar Skjelstad, og spela m.a. i bryllup over heile Nordfjord. Han vann fleire prisar på kappleikar.

Jon Ytrehorn

Jon Ytrehorn

(1867-1958). Gardbrukar og ljåsmed og mykje med i bygdestyringa. Formann i styret for Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L frå 1927-1930 og 1932-39. Skreiv Billaget si soge.

Ole I. K. Lødøen

(1869-1939) frå Hornindal. Lærar og forfattar. Arbeidde som lærar i Oslo og Romsdal, og gav ut fleire lærebøker.

Rasmus K. Grodås

(1871–1923) – også kalla ”Blåbærkongen” fordi han i tida kring 1900-1920 tok imot store mengder blåbær og selde dei vidare til Bergen og Storbritannia.

Anton Schønning Johnsen

f. 1879, var prest i Hornindal 1910-1917, og ein framtøk mann som m.a. engasjerte seg i skiping av kraftverk 1913. Ordførar 1914-16, og styreformann Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L 1915-1917.

Frederick Wick

(Båtevik) (1881-1977) frå Kjøs, busett i USA. Musikar og professor.

Brita Lund

(1886-1966), fødd i Hornindal. Biletververske.

Lars Hjellbakk

Lars Hjellbakk

(1889-1976) frå Hornindal. Bonde, spelemann og slåttekomponist. Hjellbakk var ein av dei fremste spelemennene i dalen på 1900-talet.





Neste side:
· Kjende personar i Hornindal
Sjå også:
· Folkemusikarar frå Hornindal



MEIR OM HORNINDAL 
Hornindal kommune

 
Historia i Hornindal
Industri og næring i Hornindal
Kjende personar i Hornindal
Kommunehistoria i Hornindal
Krigshistoria i Hornindal
Kyrkjer i Hornindal
Samferdsle i Hornindal
Skular i Hornindal
Verd å sjå i Hornindal

 
Video frå Hornindal
Lyd frå Hornindal
SE OGSÅ
LENKER

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no