Aurlandsvangen var eksersisplass for Aurlandske Compagnie på 1600- og 1700-talet, og fleire offiserar budde fast i bygda.
Den mest kjende offiseren var oberst
Jakob Gerhard Meidell sr., kompanisjef frå 1718. Han budde på Vinjum, men flytta seinare til Vangen - sjå
Aabelheim.
Sonen
Jakob Gerhard Meidell jr. overtok som kompanisjef etter faren, men flytta seinare til Flesje i Balestrand - sjå:
Fute- og offisersgarden Flesje. Etter han tok kaptein Mathias Juell (1725-1814) over som kompanisjef fram til 1786.
Den første eksersisplassen i Aurland låg ved
Vangen kyrkje. Seinare flytta ein til Fetane og Lundane.
Eit telthus - militært lager - stod ved kyrkjegardsmuren på Vangen.
Når dei militære gjekk til kyrkje, kom dei alltid marsjerande som tropp med kompanisjefen i spissen,. Soldatane gjekk inn den høge porten på sørsida av skipet i den gamle middelalderkyrkja.